Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Nynorsk i Dagbladet

Stopp diskrimineringa - nynorsk læremiddel no. Manipulert bilete av Ivar Aasen som hoppar på Knud Knudsen

Må berre legge inn ei lita hylling til Jostein, månedens po(t)et i Skolekammeret. Med unntak av å skrive eit fantastisk godt dikt, har han óg fucka med “målparagrafen” i Dagbladet.

I intervjuet med han kan du lese historia. Jostein som er leiar i Firda Målungdom nektar nemleg å bli sitert på bokmål. Og dette i ei avis som har ei streng polise på å skrive kun bokmål.

Han legg seg med andre ord på same line som vår alles kjære Carl I. Hagen (utan samanlikning for øvrig), og krev at bladfyken siterar han på korrekt nynorsk fordi han vil “…ha store problem med at (han sine) svar på eit intervju skal omsetjast til bokmål berre for å høve inn med Akersgata sin språkrasisme.”

Det her er tøft gjort, Jostein. Slikt kan me like! All ære til den einaste paramilitære, revolusjonære gruppa eg heiar på, Firda Målungdom! Berre hugs at rasisme fungerar begge vegar!

Som fan av litt minimalistiske dikt tenkte eg at eg kunne lime inn diktet til Jostein her også:

«Frå jordi (ei siste helsing)»

Alt som kan komma
er komme
og det er meir
der det kjem frå

Eksperimentet
har teke overhand

Kuvøsa eksploderer.
Jostein Avdem Fretland

Dette er meint som eit svar på “Til jorden (med vennlig hilsen)” av Rolf Jacobsen, eit dikt eg likar særs godt.

No må eg berre passe på at Jostein aldri får sett denne artikkelen. Eg er redd han kjem og arresterar meg for rettskrivinga mi.

Toppbilete: Mariell Øyre, Firda Målungdom






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Friday 19. October 2007 klokka 10:13 pm og er arkivert under Anbefalingar, Politikk. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Nynorsk i Dagbladet”

  1. GravatarJostein skriv:


    Eg blir reint varm om hjarteroti!

  2. Gravatartanketom skriv:


    Det vert eg óg, sanneleg!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Siste Linkdump

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon