Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Ninjaer mot pirater - Lett match

Ninja, you know! Like Sam Fisher!

Merete er frekk og freidig i tastaturet sitt når ho går ut og erklærar sin kjærleik for piratar i ein bloggpost nyleg. Som dei fleste andre piratelskarar, tek ho grundig feil.

Mitt utgangspunkt er at alt piratar kan gjere, kan ninjaer gjere også, og i tillegg betre. Og det har eg ingen vanskelegheiter med å bevise.

Fyllekulturen og hjerneskader

Merete trekk først fram hylinga og synginga og den stadige fylledrikkinga. For det første, drikkinga var ikkje berre i lystig lag, det var også ein måte å dekkje over mangel på mat. I tillegg, så trur eg at ein god del av drikkekulturen kun var for å gi piratane ei unnskulding at dei var fantastisk dårlege til å slåss. Kvifor ellers skulle du trenge ein langdistansekanon? Forresten, så var delar av ninjastanden meget gode til å late som dei var fulle og samtidig banke motstandaren med avartar av den kinesiske zui quan-stilen. Slik kunne ninjaene banke målet sitt, og samtidig gå sin veg etterpå med minimalt oppstyr

1. Pirates, 2. Knocked Up, 3. Shrek
Eeeeeeew… - Bilete av flickr-brukar indiekidd73

Det er også bevis for at den stadige drikkinga og kjempinga i piratstanden kunne føre til Wernicke-Korsakoffs syndrom, ein hjerneskade som ofte er eit resultat av stort inntak av alkohol og slag mot hovudet.

Språket

Merete snakkar så om det artige språket. Denne rundpulinga av engelsk gramatikk som også er ei kjelde til den såkalla “Talk Like a Pirate Day“-fadesen på nettet. Sanninga er at dette språket historisk sett er meget lite gangbart. For det første hadde ikkje alle piratar eit fellesspråk slik enkelte filmar med Johnny Depp i hovudrolla kan nærme seg å hevde.

Samtidig, så var ikkje piratspråket så mykje annleis enn den generelle sjømann på den tida sitt språk. Det var altså ikkje det minste eineståande for piratane. I likskap med den “norske” sjømannspraten stamma ein god del frå tysk og nederlansk, til dømes “avast” og “lob” (som i “landlobber” som er ein klumsete person).

Nedsatt taleevne er også eit resultat av Wernicke-Korsakoffs syndrom, så ein kan jo tolke det slik ein vil. Går alle piratfans rundt den 19. september og gjer ap med hjerneskada personar? For eit lavmål..

Disiplin og kamp

Sam Fisher, kanskje den største eksponenten for ninjutsukunst på denne sida av millenniet

Merete har rett i at eg synest det er kult, dog veldig hardt, å vere ninja. For små innblikk i kor hardt det er å vere ninja kan ein jo sjå Batman Begins, eller for den del, Naruto. Det der der trening, ikkje reell kamp, og eg tvilar sterkt på at ein pirat hadde klart seg gjennom nokre av delene.

Ein ninja er trent til å kunne bruke områda rundt seg til å bekjempe kven som helst, kvar som helst, ved å utnytte miljøet rundt seg, tilpasse seg omgivnadane. Dette vil seie at ein ninja kan ta knekken på ein pirat kvar som helst, på eit skip, på land eller i vatnet. Ein pirat er derimot kun flink til å kjempe på eit skip, og eventuelt i ein bar.

Ninjaer jobba ofte åleine, men det finst ingen einsarta ninja, dei kunne også jobbe i lag. Mange var enkelt og greit spionar som skulle lure seg inn og hente informasjon, andre var leigemordarar, medan enkelte var elitesoldatar i føydale hærar. Piratane visar også her ei stor spreiing i eigenskaper.

There are 20 ninjas in this picture
Det er 20 ninjaer på dette biletet

Anarki, you say?

Der ninjaene lever i eit strukturert samfunn der dei stadig tener penger på utdanninga si, er piraten avhengig av så ufatteleg mange ting. For det første, dei fleste piratar var ikkje særleg rike “på eit skip fullt av mat, alkohol og gull heile livet”, som Merete seier det.

Eg siterar Wikipedia:

In the popular modern imagination, pirates of the classical period were rebellious, clever teams who operated outside the restricting bureaucracy of modern life. In reality, many pirates ate poorly, did not become fabulously wealthy, and died young. Unlike traditional Western societies of the time, many pirate crews operated as limited democracies. Both the captain and the quartermaster were elected by the crew, they in turn appointed the other ship’s officers. The captain of a pirate ship was often a fierce fighter in whom the men could place their trust, rather than a more traditional authority figure sanctioned by an elite.

På si storheitstid var altså storparten av piratane ikkje berre fattige og hadde låg levealder, dei var også meir demokratiske enn den vestlege verda ellers. Dette lovar ikkje bra for Johnny Depp-versjonen av anarkistane dine, Merete..

Just like Kerry

Ninjaene svarar kun til sine herrer, eller sitt lag, eventuelt seg sjølv om dei står utanfor. Ein kan sjølvsagt meine at det er feigt å ikkje kjempe openlyst, men det er også ein måte å leve lengre på, sidan motstandaren ikkje veit kven som har angripe dei, og dermed ikkje kan sende myndigheitene etter dei. Det er også dokumentert angrep i slott i Japan der ninjaene har teke stele eigendeler frå ein motstandar av dei som blir angrepne for å få offeret til å tru at dei har blitt angripne av nokon andre.

Ninjaene legg meir tanke bak angrepa sine, for å hindre problem. Dersom du får meir trøbbel enn godt er av å drepe ein kar, så let du vere. Det appellerar meir til ei pasifistsjel som min enn å fly for fullt flagg og drepe einkvar person du ser.

There are 1 pirate in this picture.. And 20 ninjas.. Behind him..
Det er knapt ein pirat på dette biletet.. Og 20 ninjaer.. Bak han..

I si storheitstid hadde piratane konstant myndigheiter, og dåtidas verdspoliti, England, på kjølhalen (see what I did there?). Også til dags dato, då franske militære førte til at piratar som hadde teke gissel på eit skip utanfor Somalia.

- Ingen skudd ble avfyrt direkte mot piratene, sier Jean-Louis Georgelin fra det franske forsvaret.

Kapitulerte utan kamp? Mot franskmenn? Say no more..






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Sunday 27. April 2008 klokka 21:50 og er arkivert under Humor. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

7 kommentarar på “Ninjaer mot pirater - Lett match”

  1. GravatarMathias skriv:


    Selvsagt er ninjaer > pirater
    :)

  2. GravatarIversen skriv:


    Absolutt, lett match.

  3. GravatarHelge skriv:


    PftAWRRRR! Landkrabber hele gjengen! På det åpne hav er det helt klart hvem som hadde blitt fiskemat! Shiver my timbers, a bottle of rum, etc etc

  4. GravatarJukselapp skriv:


    Greit nok at Ninjaene er bedre enne Sjørøveran, men glem ikke at en samisk sjaman hadde tatt hele bunten. Joooooik har større kraft enn krutt!

  5. GravatarMaren-Rune skriv:


    Her har du tatt i jaXD Meeen, beklager å måtte si det, dere tar begge feil. Vikingene som gjelder^^

  6. GravatarJansson skriv:


    ninjaer er overlegne i så godt som alt, men regner med at de måtte være spesialtrent for å kunne ta piratene på sjøen!

  7. Gravatartanketom.net » Til alle Googlarar der ute skriv:


    [...] Ein permanent, mild hjerneskade som kan kome av stort inntak av alkohol og gjentekne slag mot hovudet. Oppsto gjerne hjå piratar. [...]

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon