Nei og nei og nei
Det er herved offisielt: Folkestyret har falt. Folkejuryane har mista si meining. Demokratiet har fått eit skraftig skot for baugen. Alt på grunn av ei avstemning på Dagbladet.
Dagbladet har i det siste hatt ei avstemning gåande på Noregs viktigaste filmar dei siste 25 åra. Og vinnaren som det norske folk stemte fram var.. det var.. uff, eg klarar mest ikkje å skrive det.. “Tommys Inferno”.
Altså, den viktigaste filmen i Noreg, er ei humorblødme av ein ungdomsfilm. Eg tykkjer faktisk at “Bare Bea” fortener tittelen meir om me først skal trekke fram slike filmar.
Dagbladet var i det minste framsynte nok til å også ha ein fagjury som med litt meir kompetanse stemte fram “Budbringeren” som beste film. I det minste ein betre representant.
“Beste” norske filmer
1. «Tommys inferno» 745
2. «Aberdeen» 670
3. «Schpaa» 412
4. «Kjærlighetens kjøtere» 361
5. «Kalde føtter» 344
6. «Mors Elling»283
7. «Kamilla og tyven» 262
8. «Ti kniver i hjertet» 234
9. «Håkon Håkonsen» 210
10. «Sofies verden» 203
11. «Jakten på nyresteinen» 202
12. «Uro» 182
13. «Jeg er Dina» 170
14. «Fritt vilt» 169
15. «Get ready to be boyzvoiced» 168
“Kalde føtter”? “Get ready to be boyzvoiced”!? Kor blei det av “Reprise”? Eller “Elling” for den del?
Lista over utanlandske (stort sett amerikanske) filmar ser litt betre ut. Sjølv om eg kunne ha foretrukke ei litt anna rekkjefølgje, og i det minste “Boondock Saints” over “Titanic”, så kan eg seie meg fornøgd.
1. «Nattsvermeren» 646
2. «Full Metal Jacket» 572
3. «Blade Runner» 555
4. «Den grønne mil» 532
5. «Et vakkert sinn» 490
6. «Donnie Darko» 438
7. «Blood Diamond» 342
8. «Danser med ulver» 288
9. «Cinema Paradiso» 263
10. «Crash» 253
11. «Frihetens regn» 251
12. «Fight Club» 235
13. «Titanic» 205
14. «The Boondock Saints» 202
Kanskje det er lys i enden av tunnelen for demokratiet?
Liknande artiklar
- Deileg - Ute i felten
- Nytt design og ny funksjon - Sidenyheiter
- Stoltenberg er ein gamer - Nyheiter
- Frå arkivet: Stoltenberg er ein gamer - Internett
- Paradokset ved reklame - FilmMedia