Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Nasjonsbygging?

Har du ein liten diktator i magen? Eventuelt ein from og sterk leiar? Eller er du kanskje berre over gjennomsnittet interessert i å skape ditt eiget land? Vel, no har du ein sjanse.. Til å øve deg i alle fall.

I den siste månaden har eg kost meg med online-”spelet” Cyber Nations, der du byggar opp eit land frå byrjinga av og styrar det som best du kan.

Mitt lille land, Paxxistan, har no eit totalt areal som dekkjer størstedelen av Indre Sogn.

Paxxistan

Landet er beskrevet som ein liten nasjon på 46 dagar som stort sett består av menneskjer med etnisk norsk bakgrunn, religionen er for tida norrøn. Det blir av mange kalt eit “Third World Country” på grunn av sin primitive teknologi. Dei lokale ressursane er sølv og marmor, og dei statlege utvinningsselskapa for desse utgjer hovuddelen av Paxxistan sitt arbeidsliv. Dette gir ei gjennomsnittleg dagsinntekt per person på $84,48. Andre ressursar, som kjøt, aluminium, gummi og krydder blir utveksla med andre land.

Landområda i Vest-Noreg er buplassen til (for augneblinken) 1613 personar, der 1059 av dei er arbeidande vaksne. Det lokale militæret utgjer 553 mennesker (ikkje medrekna i folketalet). Trass dette (folket bitchar om det er for lite militær) er Paxxistan ein fredfull nasjon som elskar sin leiar.

Ellers er Paxxistan medlem av den frie forsvarsorganisasjonen GCSN (Global Coalition of Superior Nations), for å halde seg inne med dei store. Ein veit aldri når det trengs.

Det er mange parametre du kan fikse på i Cyber Nations. Du har stort sett kontroll over det meste som burde kunne kontrollerast i eit land, med balansering av inntekter og utgifter som ein viktig del av det. Det einaste verkeleg urealistiske eg kan kome på er at du (kvar 14. dag) kan flytte landet ditt til hvilken som helst anna stad og at du ikkje ser dine nabostatar på kartet ditt. Eg er faktisk ganske sikker på at eg delar areal med fleire andre statar, men det har eg aldri høyrt noko om.

I tillegg er det fullt mogeleg for ein leiar å stikke frå landet sitt i veker om gangen for å ta ferie, sjølv om han då risikerar at utgiftene blir store og at landet er under angrep når han kjem tilbake frå den franske riviera.

Eit greit tidsfordriv om du er interessert i slikt? Ja, absolutt! Besøk Cyber Nations her.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Friday 31. August 2007 klokka 11:37 am og er arkivert under Internett, Politikk. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Nasjonsbygging?”

  1. Gravatarmams skriv:


    eg skjønar eg må ta eit lite informasjonsmøte med Svanhild på “Neset”,
    eg trur ikkje ho hadde rekna med så stor folkeauke - men no er det vel snart både Dooria og Norsun og det som verre er…

  2. Gravatarmams skriv:


    og forøvrig trivest eg i sola -
    eg passerer Paxxistan på veg til Feios om ein times tid….

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Siste Linkdump

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon