Naken i morgon?
Mmmm… Eg elskar tabloide overskrifter!
Det er nok ikkje snakk om meg, det er snakk om CSS Naked Day!
CSS Naked Day er ein idé sett i gang av Google-utviklar Dustin Diaz i 2005. På ein bestemt dag i året fjernar alle deltagarane all CSS-kode på sida si, for å vise det enkel skiljet mellom design og innhald ved korrekt bruk av CSS og (X)HTML, og å fremje webstandardar og websemantikk.
I år er tredje gongen dette blir arrangert, og i morgon er den store dagen. Dette er første gongen eg deltek, og foreløbig er eg ein blant ca. 750 registrerte deltakarar (deriblant Ronny-Andre). Fjoråret baud på omtrent 1700 deltakarar, og det er forventa at det er endå fleire med i år. Kvifor er ikkje du med å hylle semantikken? Meir informasjon og registreringsskjema finn du på CSS Naked Day sine offisielle sider (engelsk).
Forresten, dette er artikkel nummer 100 på tanketom.net!
Liknande artiklar
- I dag tek me alt av! - Nyheiter
- Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din! - Internett
- CAPS LOCK DAY - HumorInternett
- 10 ting eg glér meg til, Wikipedia, og andre funderingar rundt mem - Internett
- “Ferie” - Nyheiter
Tuesday 8. April 2008 klokka 15:14
Morsomt! Jeg har også post#100 i dag
Gratulerer du også!
Tuesday 8. April 2008 klokka 15:55
du bør vere nydusja!
Tuesday 8. April 2008 klokka 15:56
Det skal vere så rein som aldri før, mamma
Tuesday 8. April 2008 klokka 16:29
friprog?