Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

My LEGO heart, be still…

hjarte i lego, fjord1-logo

Det er enkelte augneblink eg skulle ynskje eg var liten igjen. Enkelte augneblink då eg føler for å vere ansvarslaus, utan oppgåver eller rett og slett berre vil leike med LEGO (sistnevnte gjer eg for så vidt tid om anna). I dag skulle eg ynskje eg var 12 år igjen.

Kvifor? Vel, Fjord1, min trufaste ferjeoperatør heime i Sogn, har nemleg utlyst ein konkurranse. Ein konkurranse der oppgåva er å lage ferjer av LEGO. Ein veldig god idé! Om dette er for å få eigne idéar til ferjedesign, vitast ikkje, men den store ulempa er uansett at den har ei aldersgrense. Ei øvre aldersgrense.. På 13 år..

Har ein ikkje før kjempa seg opp gjennom aldersgrensene; kriminallågalder, mopedsertifikat, sex, seglflylappen, alkohol, og så endeleg nådd 20, ein alder der ein i prinsippet kan innta, delta og overta det meste av lovlege substansar, arrangement og eigedomar, så kjem noko slikt som dette..

ingen lego...
Pokker..

Men dei kan aldri ta tankane mine!

Hjartet i det øvste biletet er laga av Nathan Sawaya, óg kjend som The Brick Artist. Lego Green Bumps er teke av Avolore.





Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Tuesday 14. October 2008 , og er arkivert under Media. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Ein kommentar på “My LEGO heart, be still…”

  1. Gravatarmams skriv:


    i medkjensle

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon