Monty Python and the Channel of Awesomeness
Gamlegutta i underhaldningsbransjen har i all hovudsak gått hardt ut mot alt som heiter gratis distribusjon av det meste innan media. Men ulikt dei fleste andre, har ein gjeng gamle, grå briter no teke eit steg mot ein distribusjonsmetode som kanskje kan riste eit par grunnvoller i Hollywood?
Me har tidlegare høyrt om at CBS legg ut heile seriar på Youtube (diverre kun for Sambandsstatane), og at MGM vil legge ut heilaftens filmar på same stad (dog ikkje av dei nyare filmane).
Sjølv brukar eg Youtube mykje til å sjå på klipp frå humorprogram, og anglofil som eg er, så blir det mykje britisk som Black Books, Spaced, Fry and Laurie og ikkje minst Monty Python. Lovleg er det neppe, men til trass for at videokvaliteten er ofte heller laber, så strøymer minutt på minutt med turr, britisk humor gjennom “the intertubes”.
Monty Python har bestemt seg for å gjere noko med dette, med ein litt utradisjonell vri. I staden for Super Bowl-metoden; å fjerne alle videoar med klipp frå NFL-finalen, eller Prince-metoden; å fjerne lyd frå alle videoar som inneheld han, så har “The Pythons” gått til det steget å legge ut videoar av dei mest populære sketsjane sine i så høg kvalitet som mogeleg.
Eg let Monty Python forklare dette sjølv:
Eirik Solheim har tidlegare blitt sitert av Tagesschau: The only way to control your content is to be the best provider of it,
noko som i etterkant har blitt kalla NRKbeta-doktrinen. Monty Python visar at dei følgjer med i tida, når dei no prøver å bli den beste leverandøren av eiget materiale. Dei forsvarar sløseriet med å legge linkar til stader ein kan kjøpe filmane frå (Amazon).
Foreløbig er det kun eit titals videoar på kanalen deiras, deriblant intervju med blant anna Cleese og Idle om å jobbe med Monty Python, men eg vonar dei vil fortsetje å legge ut fleire videoar (Eg vil ha filosof-fotballkampen!).
Me avsluttar ballet med ein av mine favoritt Python-sketsjar, Ministry of Silly Walks:
Absurd humor på sitt beste. Kva trur du? Er dette framtida for populære, sketsjbaserte program? Eller bør dei ta steget vidare, og lage ei side med heile serien, slik South Park-skaparane har gjort? Er du villig til å sjå litt reklame online, for å få sett Flying Circus gratis på internett, eller foretrekk du uansett og kjøpe/”låne” filmane?
Liknande artiklar
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter
- Sideblikk: 3D - Film
- Surfefunn: links for 2008-11-29 - Surfefunn
- Sideblikk: Hugs filmklubben - Film
- links for 2009-04-08 - Surfefunn