Mine 14 beste Mac-applikasjonar

Det har no gått tre månader med eigen Mac i hus, og eg tenkte eg difor skulle dele dei eg følar var verdt å laste ned med dykk.
“Idéen” til denne bloggposten er lånt av bekkelund.net. Vil minne om at dette er program til ei maskin som ikkje er oppgradert til Leopard. Maskina mi rullar pre-school med Tiger. Det kan difor vere at ikkje alle desse programma fungerar for Leopard for augneblinken.
Praktisk
Ting som er greie å ha, uansett.
Quicksilver: Praktisk, praktisk, praktisk

Quicksilver er eit gullkorn av eit program. Slagordet er “Act without doing”, og det dekkjer eigentleg ganske bra. Quicksilver er eit multiverktøy av uante dimensjonar.
Hovudsakleg brukar eg det til å opne mapper kun ved hjelp av tastaturet. Eg kan til dømes opne “Bilder”-mappa mi ved å trykkje Ctrl+Space og taste inn “Bilder” (som oftast held det med “Bi”). Men, eg treng ikkje å opne mappa. Om eg har tre bileter på skrivebordet som eg vil flytte til “Bilder”, kan eg merke dei bileta, taste “Bi” i Quicksilver og dra dei inn i vindauget.
Quicksilver kan óg brukast til å opne hvilket som helst program, stort sett ved å taste dei første to-tre bokstavane i programmet, for så å trykkje enter.
Ellers kan Quicksilver til dømes bli brukt for å styre iTunes (eller andre liknande program) utan å opne dei. Eg styrar iTunes med enkle tastekombinasjonar, uansett kva program eg har oppe.
Quicksilver kan óg bli brukt til alt mogeleg anna rart, frå å kontrollere Twitter, til å bli mint på å sjekke omnen om ti minutt.
Etter nokre veker skjønar du ikkje at du klarte deg utan programmet.
- Meir om Quicksilver hjå produsenten Blacktree
- Quicksilver-guide hjå mac1.no
Desktop Manager: Så mange skjermar du vil ha, på ein skjerm

Desktop Manager dannar såkalte “virtuelle skrivebord”, altså fleire dataskjermar på ein skjerm, ikkje ulikt Leopard sitt Spaces.
Veldig greit å ha dersom du til dømes sit på Adium, eller jobbar med tekst, samtidig som du ser på film. Med eit tastetrykk (av eiget valg), svitsjar du mellom to eller fleire skjermar. Vanlegvis har eg to, til film og nettlesar. Det held for meg.
Flip4Mac: Når filmformat frå konkurrentar kranglar

Enkelt sagt er dette ei mogelegheit for å spele Windows Media-filer i Quicktime, noko som er veldig, veldig greit å ha, spesielt på nettet.
Internett
Internett er ein viktig del av ei maskin i dag. Her er mine favorittprogram for bruk av og på internett.
Opera: Harmonisk nettlesing

Opera er i mine auger den beste nettlesaren som finst der ute. Det skal seiast at eg ikkje har prøvd absolutt alle, men av dei større er denne veldig, veldig bra. Eg skal ikkje skrive for utfyllande om den her, sidan eg alt har skrive ein artikkel om Opera her på tanketom.net.
Kun eit “problem” eg har funne på Mac-versjonen. Enkelte nettspel tek eit tastetrykk som om du held inne knappen konstant. Då vil Safari, som du har på maskina, eller Firefox, om du foretrekk eit open-source-alternativ, vere mogelegheiter.
- Last ned Opera her
- 10 features you’ll only find in Opera
- Wikipedia si liste over Opera sine mogelegheiter
NetNewsWire: RSS på løpande band

Ein kjekk RSS-lesar om du ikkje likar Opera sin variant, eller Google sin online-RSS-lesar. RSS er ein “bakvendt” måte å lese nyhender på internett på.
I motsetning til at du må reise rundt på dine favorittsider for å lese siste nytt, kan du sjekke dei (i det minste overskrifter og ingressar) via RSS-lesaren som plukkar opp RSS-feedane som du legg inn. Ein kan samanlikne det med å ha ei spesialsydd nyheitssending for deg, i staden for å reise rundt til alle stadene i verda der ein trur det kan skje noko spennande. Du sparar tid! Oh joy!
Adium: MZN-dödare

Adium er ein liten, kjekk IM-klient som kan behandle kontoar frå dei fleste andre program (blant andre AOL, Jabber, MSN, Yahoo, Bonjour, Google Talk). Tek såpass liten plass at eg pleier å ha den konstant synleg ved sidan av Opera-vindauget, noko som fungerar veldig greit på widescreen-skjermar. Ein veldig god ting er at du slepp nudges, alle dei store, blinkande smilefjesa og winks og slikt. Dårlege ting er at du ikkje kan bruke webcam (då må du ha aMSN), ikkje legge inn dine eigne smilefjes, samt at “Personlig melding” ikkje fungerar for andre enn venner som også har Adium.
Fetch: F! T! P! Så lett som bare det!

Fetch er ein enkel FTP-klient som fungerar til mitt enkle bruk. Kan laste opp, ned, forandre rettigheiter og alt det andre ein går ut frå at ein slik FTP-klient skal gjere.
Multimedia
Film, lyd, bilete.
VLC: Spelar av alt

Og med alt, meinar eg alt. Alt, rett og slett, alt. Nok om det. Alt. Open-source. Alt.
Tekstbehandling
Diverse prosjekt, skuleoppgåver, særemne, nettsider, the lot.
NeoOffice: OpenOffice for Mac

NeoOffice er open-source-prosjektet OpenOffice laga spesielt for Mac. Kan brukast utan den irriterande x11-dingsen. Treig i oppstart, men er ei grei erstatning for Microsoft Office-pakka (som jo kostar pengar).
TextMate: “The Missing Editor”

Har ikkje brukt denne så mykje, men eg har skjønt at det er ein av dei betre teksteditorane for diverse koding og slikt. Syntaksfarging for forskjellige kodespråk, samt enkelt og greit grensesnitt.
Spel
Fritid! Og du veit du likar det.
Democracy: Politikksimulator

Ein ganske djuptgåande simulator som tek for seg presidentskapet i diverse land. Her må du balansere forholdet mellom autoritært og liberalt, kapitalistisk og kommunistisk og prøve å få flest støtte. “Revolusjonar” kan forekomme, men ein bør ikkje gi folket for stort sjokk, demokratiet kan ikkje avskaffast. Foreløbig har eg hatt presidentvervet i Australia i nærare 135 år. Det er vel noko ein kan setje på CV’en, er det ikkje?
Særs nerdete, men kjekt om du likar slikt.
Sixtyforce: Nostalgi i eit vindauge

Rett og slett ein Nintendo64-simulator. Fungerar greit, med unntak av mogelegheita til å lagre, den eksisterar ikkje med mindre du betalar. Spele Zelda er difor ein dårleg idé, men raske spel som Super Smash Bros eller Mario Party for den del fungerar bra. Eg vurderar å betale denne, men gjer det ikkje før nokre småbugs i programmet er vekke.
- Last ned sixtyforce her
- Spel til N64 (lovleg kan du kun laste ned spel du allereie eig, eller har eigd, til maskina)
VisualBoyAdvance: Endelause timar med gøy

Gameboy. Verdas kanskje mest omfangsrike spelemaskin. Eg diggar det. Pokemon og diverse Final Fantasy-spel går ned på høgkant når eg kjedar meg. Fungerar perfekt.
- Last ned VisualBoyAdvance her
- Alle GBA-spel (lovleg kan du kun laste ned spel du allereie eig, eller har eigd, til maskina)
Berre for gøy
Ting eg ikkje kunne kalle spel.
MacSaber

Strengt talt berre noko stort tull, men kjekt for det! Ein brukar Sudden Motion Sensor’en som er innebygd i maskina til å gjenkjenne bevegelsar, og skapar ut frå desse bevegelsane lydane av Star Wars-lyssverda.
Så, kva er dine favorittar? Er det noko eg har gløymt?
Liknande artiklar
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
- Opera 2: Tilpasningsdyktig - Guidar
- Macbook Air - Teknologi
- iClip - InternettTeknologi
- Endeleg IE6! Og eit forseinka påskeegg - Sidenyheiter
Sunday 13. January 2008 klokka 11:56 am
Skitch, Coda, iStopMotion, Acquisition, Transmission, WhatSize, Pixelmator, AppDelete og Colloguy er gode programmer du burde teste ut
Sunday 13. January 2008 klokka 12:16 pm
Colloquoy og Transmission har eg
Dei andre får eg sjekke ut etter kvart
Sunday 13. January 2008 klokka 6:29 pm
Hei!
Du burde prøve iClip - dette kan du bruke til å kopiere flere tekstsnutter med ctrl+c etter hverandre, og iclip husker disse. så kan du kopiere de inn når du føler for det.
genialt når du skal bruke ctrl+c mye
Sunday 13. January 2008 klokka 7:59 pm
Fin liste:) Personlig har jeg Transmit som ftp-klient, den er vel hakket kraftigere enn den du bruker, og har en genial widget for opplasting.
Sunday 13. January 2008 klokka 8:27 pm
Tja, jeg syntes TextWrangler er bedre enn TextMate, rett og slett fordi det er helt gratis, og utrolig kraftig. Jeg har gått til kjøp av programmet Coda, som burde være enhver webutviklers favorittprogram nr. 1.
Nå bruker jo jeg Leopard da, og da slipper jeg å installere tredjeparts programvare for å få flere skrivebord (slik du får med DesktopManager), siden Spaces er ferdiginstallert. Deilig å skille jobb, skole og fritid!
Monday 14. January 2008 klokka 11:18 am
Cathrine:
iClip høyrest smart ut. Skal ta ein kikk på det
Mathias:
Ja, eg fekk tips om Transmit frå ein anna også, kanskje eg skal ta for meg den i staden.
Ronny-André
TextWrangler har eg ikkje høyrt noko særleg om, men (etter 2 minutter med Googling) det verkar bra til å vere gratis!
Virtuelle skrivebord er genialt! Spaces delar det meir opp, så det er ikkje så mykje “jobb”, “skule”, “fritid” i DesktopManager, men det er veldig greit når du skal gjere fleire ting samtidig.
Ellers vil eg berre rette merksemda til dei som ikkje har høyrt om det til MacHeist sin bundle av geniale små Mac-program. Check it out!
Friday 16. May 2008 klokka 12:01 pm
Mye bra her, men for CSS så kommer dere ikke utenom CSSEdit. Ingen over, ingen ved siden av
Xyle Scope og xScope har også hjulpet meg mye.
For video/film ting sjekk ut Handbrake (rip), VisualHub (convert) og Perian (QT plugin for alle formater).