Mine favorittpodcasts
eller, ein måte å seie kva eg likar, samtidig som eg promoterar eigne prosjekt.
Inspirert av Christian Brosstad sin post om podcasts tenkte eg at eg skulle poste mi liste over favorittpodcasts.
Mine podcastvaner er sterkt påverka av måten eg stort sett inntek dei på. Eg likar ting eg kan dele opp i mindre bitar, kortare historier eller mindre segment. Dette fordi eg som oftest høyrer podcasts til fots, på veg til og frå Høyden.
Ellers er eg først og fremst glad i god formidling. Dersom entusiasme og forteljargledje skin gjennom kan eg eigentleg lytte til kva som helst. Difor har eg satt saman ei liste over podcastane eg høyrer mest på (det er nok mange fleire enn dette, men er ikkje alle eg får med meg alt av):
Liste i tilfeldig rekkjefølgje
- This American Life
- Filmfrelst
- Freakonomics Radio
- Kinosyndromet
- This American Life er ein podcast frå amerikanske NPR. Kvar veke tek dei eit overståande emne, og finn artige nyheitssaker på det. Dette er ikkje naudsynt den beste måten å halde seg oppdatert på verda på, men det er alltid lærerikt, alltid morosamt, og alltid veldig interessant.
- Filmpodcasten til Montages.no. Aktuelle filmar, gamle filmar og av og til temasendingar. Gode samtalar om film, som eg kanskje ikkje alltid er like samd i, men framleis den beste norske filmpodcasten.
- Freakonomics har eg skrive om før, og dei er minst like bra i lydform som i bokform. Statistiske/økonomiske prinsipp brukt på kvardagslege og spesielle tema høyrest kanskje ikkje så gøy ut, men det er det. Eg lovar!
- Kinosyndromet på Studentradioen i Bergen har eg sjølv vore ein del av i fleire år, og er nok farga av det. Eg meinar like vel at det tidvis er eit av dei betre radioprogramma om film i Noreg.
One more thing…
I tillegg vil eg gjerne få hive inn ei oppfordring om å høyre podcasten til mitt eiget program, Gult Kakestykke (iTunes/RSS til andre program). Me er eit historieprogram som prøver å gi deg dei merkelegaste anekdotane frå historia, basert på kva me tykkjer er interessant akkurat frå denne perioda. Målet er å gi deg historiene som gjer deg mest interessant på vorspiel!
Me er ganske nye, og har til no berre laga program om Kongeleg Innavl, Den Ville Vesten og Piratar. Neste veke er temaet Leiketøy.
Du kan óg bli fan av Gult Kakestykke på Facebook eller følgje oss på Twitter.
Post gjerne dine favorittpodcasts/radioprogram i kommentarfeltet under!
Liknande artiklar
- Macbook Air - Teknologi
- Mine 14 beste Mac-applikasjonar - Anbefalingar
- links for 2009-06-04 - Surfefunn
- @Kinosyndromet på µblogging - Internett
- Songbird 0.2.5 - AnbefalingarMusikk