Macbook: The Unboxing

Forhistoria til min nye Macbook er lang. Såpass lang at eg faktisk ikkje gidd å fortelje alt (og fordi eg då må avsløre diverse adresser og slikt). Lat meg berre seie det at TNT (bodselskapet) har eg tenkt å prøve å unngå som best eg kan i framtida (sjølv om supporttenesta deirast faktisk var veldig bra). Kort fortalt, så bomma TNT på leveringsadressa, og eg henta den sjølv frå ein butikk nedi gata her.
Men når eg endeleg fekk den, var alt bra.. Eg studerte først boksen litt.
Pen greie eigentlegEin av fordelane med Mac (om du ikkje er av den lettare sjølvpinande typen som likar å sjå på installeringsskjermar heile dagen) er at den er klar til å gå rett opp av boksen. Det tok til dømes fem timar å få familiens berbare Vista-maskin opp og køyre med nett og alt. Til gjengjeld tok det kun ein 15-20 minutt å få Macbooken på beina.
Jippii!Den første gongen oppstartslyden kjem på er herleg!
Om du er glad i slik unboxing, fins det andre sider med meir: Unbox.it, Unboxing.com og Unboxing-poolen til flickr.
Bildeserie: Macbook-unboxing
Liknande artiklar
- Macbook Air - Teknologi
- 5. desember: Day of the Ninja - HumorNyheiter
- VVV: coke.no - Internett
- Youtube - Error 505 - BloggHumor
- tanketom.net er 1 år, kven er du? - Sidenyheiter





Tuesday 9. October 2007 klokka 11:02
Jeg liker å se på installerinsskjermer XD
Tuesday 9. October 2007 klokka 11:14
Gratulerer SÅ mye med mac! Måtte du være en mac’er for evig tid
Tuesday 9. October 2007 klokka 11:57
Mathias: Det er fordi du er ein nerd
Eg og likar dei, men eg likar at dei er ferdige!
Tuesday 9. October 2007 klokka 14:08
Gratulerer med ny Mac! Jeg ønsker meg en MacBook selv også
Lykke til.
Wednesday 10. October 2007 klokka 0:42
Gratulerer! Ah, ingenting er bedre enn å unboxe, spesielt Apple-produkter. Har så langt vært til stede ved fire unboxing av MacBook Pro og en iPhone unboxing. Også selvsagt min egen MBP og iPhone
Gleder meg allerede til min neste Apple-maskin, uvisst når det er. Foreløpig blir det vel Leopard som er det neste jeg skal “unboxe”
Wednesday 10. October 2007 klokka 1:32
Menelya: Eg òg
Ronny-André: Spørst vel om det ikkje blir Leopard i framtida ja. Eg blir eigentleg litt sur når/om Apple legg fram nokre deilege macbooks i børsta aluminium når eg måtte vente så lenge på min plastbook. Jaja, ein får ta til takke med det ein får
Wednesday 10. October 2007 klokka 12:02
Wow!
Stilig
Mac e bra, sjøl sitt æ nu me Acer da…
Sunday 14. October 2007 klokka 22:21
Hvor mye koster et slikt vidunder?
Vurderer å ha et slikt kunstverk som neste laptop
Monday 15. October 2007 klokka 11:26
Via studenttorget.no får du den til i underkant av 10000 kroner. Harde pengar å gje frå seg, men så får du som du seier eit kunstverk tilbake.