Macbook Air
Apple slapp i dag sin ikkje heilt uventa Macbook Air. Og den var ikkje mindre praktfull enn eg venta!
Gizmodo var faktisk ganske nært allereie for to veker sidan
Denne maskina er (ifølge Apple) verdas tynnaste laptop, og eg tek dei på ordet. Noko av årsaken til dette er ein 80GB HD som er 1.8 tommar (same som i iPoden), ein prosessor laga i samarbeid med Intel, samt at maskina ikkje har ein Superdrive, eller nokon anna form for CD/DVD-stasjon. Dette blir løyst gjennom ein teknologi Apple kallar Remote Disc, som gjer det mogeleg å nå CD/DVD-stasjonen på kva som helst (Windows eller Mac-)maskin trådlaust, til dømes for å legge inn program eller sjå film.
Men uansett kva Mac let meg gjere, til trass for “manglane”, så får eg fortsatt ikkje heilt sansen for maskina. Dette blir for meg ikkje noko anna enn ei maskin som “må” vere éin av to eller tre. Dette er ei notat-maskin, ein reise-mac (Onkels Reisende Mac?), ei surfemaskin. Den dekkjer ingen behov eg ikkje allereie har med min Macbook.
Med unntak av multi-touch trackpaden da. Det kunne eg ha gitt mi venstre nyre for å få til Macbooken akkurat no…
Oh, btw: Macbook Air er faktisk relativt miljøvennleg. Way to go (green), Apple!
I tillegg til Macbook Air, så slapp Apple sin nye Apple TV, samt nyheita om at du no (i USA i det minste) kan leige film via iTunes. Noko som apellerar (Applerar?) til den late mann i alle og einkvar. Hadde det ikkje vore herleg å få tak i ein film utan å forlate sofaen? Ikkje at det aldri skjer like vel, det har vel blant andre nokre svenske piratar hjelpt til å sørge for.
Det einaste eg sakna verkeleg i dagens Keynote, var “One more thing..”. Ikkje sei at du har avskaffa det, Steve? Det var jo liksom ei greie no.. Og mens eg har deg her.. Når kjem filmutleige i iTunes til Noreg?
(Og nei, eg er (diverre?) ikkje på first-name-terms med Steve Jobs himself, ikkje den falske ein gang)
Liknande artiklar
- Songbird 0.2.5 - AnbefalingarMusikk
- Macbook: The Unboxing - Anbefalingar
- iPhone - den nye iPoden? - Teknologi
- iClip - InternettTeknologi
- Endeleg IE6! Og eit forseinka påskeegg - Sidenyheiter

Sunday 17. February 2008 klokka 12:02
Den _er_ faktisk sykt sexy, da.