Lydbølgjer
Som sjølvutnevnt statistikknerd med ein sterk graf-fetisj, hadde eg veldig sansen for noko av ekstramaterialet som fulgte med då Last.fm lanserte sin “byggeplass”, Build.last.fm. Eit av resultata frå dette er programmet Last Graph
Dette programmet (som diverre berre fungerar til Windows), tek banda du høyrer på og legg det i ein graf som viser kor mykje du har høyrt på bandet, og i kva periode du høyrer på dei.
Resultatet mitt blei dette: (trykk for større versjon)

Denne grafvarianten er faktisk vakker, og fantastisk funksjonell. Du ser veldig godt lyttemønsteret mitt. Eg høyrer på veldig mange band (alle dei små strekane er band som eg ikkje høyrer nok på til at dei får sin eigen tittel, men eg har periodar då eg høyrer mykje meir på eit eller to enkeltband. No er eg til dømes inne i ein Gluecifer-periode (igjen). Eg ser også at eg ikkje høyrer så mykje på musikk som eg gjerne ville…
Mitt nick på last.fm er (overraskande nok) tanketom. Legg meg gjerne til!
Denne bloggposten blei inspirert av Lang dags ferd mot fnatt sin graferande post
Liknande artiklar
- Sumarmusikk - Musikk
- Studentradiomedarbeidar - FilmMedia
- IOGraph - muserørsletracking - StatistikkTeknologi
- Sjå, eg meinar også noko om Blogcamp - BloggInternett
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
Sunday 1. June 2008 klokka 22:21
Kva i alle dagar skjedde i septiembre?
Monday 2. June 2008 klokka 0:45
@Grasnaut: Det var den perioden då eg budde i Bergen utan datamaskin (woe is me)! All musikk som blei registrert til Last.fm var ting eg høyrde på når eg var heime.
Wednesday 4. June 2008 klokka 22:30
Jeg har aldri hørt om programmet, men musikksmaken din var det ikke noe å si på!
Jeg erklærer deg også herved offisielt for tagget:
http://valkyriana.wordpress.com/2008/06/04/abc-over-valkyriana/