Les klassisk Donald online

Ja, eg outar meg sjølv. Eg er Donald-fan. Kanskje ikkje hardcore Donaldist, men nok til at eg fortsatt har glede av dei gamle klassikarane i ein alder av snart 20.
Ettersom eg i tillegg er internettfan, er det rart at eg har brukt så lang til på å skjøne korleis ein kan kombinere desse to. For Donaldseriane er nemleg på Internett! I lange baner!
Det er især Don Rosa-historiene som står i ei særstilling hjå meg. Eg ser på han som den absolutt beste Donald-teiknaren. Carl Barks har enormt gode historier, men sansen for detaljar og historiske omgivnadar har gjort Don Rosa til ein favoritt i mange år. Spesielt nyt eg “Skrue McDucks liv og levnet”, men det meste frå den kanten fell i smak hjå meg.
Eg har lenge vore av den oppfatning av at bøker er best på originalspråket. Både Erlend Loe på engelsk, og Harry Potter på norsk har hjulpe meg mot denne konklusjonen. Lite visste eg at det i så stor grad gjaldt teikneseriane også.
For der dei norske oversetjingane er nøytrale og rettskrivne, brukar originalversjonen mykje meir uttrykk som definerar karakterane. Ole, Dole og Doffen seier ikkje “Uncle Donald”, dei seier “Unca Donald”, eit uttrykk som signaliserar at dei på ungdommeleg vis trekk saman orda dei seier. Donald brukar mykje banneord (om enn veldig svake), og Onkel Skrue held seg forhaldsvis til sin litt rolege, gammalmodige måte å snakke på (med mindre han er steik, hakke forbanna. Då kjem det skotske temperamentet fram).
Veldig mange Donald-historier på engelsk finn du her, deriblant ei komplett samling av Don Rosa og Carls Barks-historier, samt nokre Taliaferro-historier og ein del Gottfredson-historier om Mikke Mus.
I tillegg vil eg gjerne retta merksemda dykkar mot ein nordmann som har gjennomført eit fantastisk prosjekt i Donaldismen sitt namn. Mats Gulliksen brukte nemleg fritid i åra 2002/2003 til å gjenskape ein 42 centimeter høg skalamodell av Skrue sin pengebinge, etter Don Rosa og Dan Shane sine planteikningar frå historia “The Beagle Boys vs The Money Bin”. Don Rosa fortel om teikningane, og svarar på andre spørsmål i denne linken. Modellen er fantastisk detaljert, akkurat slik me likar den!
Kunstverket til Mats kan betraktast på Flickr og på bloggen hans.
For innmelding og generell informasjon om Donaldistane, les her.
Forresten, i desse Twitter-tider har eg merka meg noko artig:


Alle Twitrar ser du, sjølv Donald!
Toppbilete: Carl Barks – The Golden Helmet
Tweet1: Don Rosa – The Duck Who Never Was
Tweet2: Don Rosa – The Duck Who Fell to Earth
Liknande artiklar
- Endeleg IE6! Og eit forseinka påskeegg - Sidenyheiter
- Kreativblogger – egad, a meme - Nyheiter
- Twitter i Opera - Internett
- Banneremse - Film
- iClip - InternettTeknologi