Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Lerumbrus

julebrus

Etter at Lerum stoppa all produksjon av brus, har det blitt stort opprør. Ikkje nødvendigvis på grunn av den lettare horrible Husets “cola”, men på grunn av Lerum Julebrus, kjent blant mange som “smaken av jul”.

Det var Lene Fløysand som på måndag starta eit opprop på opprop.no for å bringe det raude, flytande godet tilbake. Innan eit døgn hadde ho fått ca. 650 underskrifter, og i skrivande stund, onsdag, ca. 2100.

Direktøren frå Lerum, Jan Petter Vadheim, er overraska over reaksjonane og seier at han skal gjere det han kan for å få dei tilbake i hyllene.

Sjølv er eg for å få brusen tilbake, ikkje for å bade i dens, hellige, raude, sødme, men fordi julebrustestane mine ikkje er det same utan julebrusen frå Lerum.

Skriv under her om dykk har lyst til at julebrustesten min, som kjem rundt 1. desember sjølvsagt, skal bli fullendt.

Foto: Amund S. Paulsen | Kjelde: bt.no





Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 25. January 2007 , og er arkivert under Nyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Ein kommentar på “Lerumbrus”

  1. Gravatartanketom.net » Blog Archive » Blei du lurt i år igjen? skriv:


    [...] Avis tek til orde for miljøet og melder at Lerum skal kutte julebrusproduksjonen, som eg har skrive om før, for å spare klimaet. Resten av lageret blir solgt til halv pris. LØYP OG [...]

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon