Kvasir sitt nøkkelhol

I dag fant eg noko nytt. Noko som eg tykkjer var fantastisk morosamt. Noko eg ville dele med resten av… dei 9 lesarane mine. Og det dreiar seg kun om eit moderne nøkkelhol.
Ein del av dykk har sikkert sett det før, men eg tykte fortsatt det var morosamt nok til å lage ei eiga sak av.
Kvasir har ein funksjon på sitt domene som heiter Nøkkelhullet. Den visar kva folk brukar Kvasir til å søke på akkurat no. Og det er fantastisk morosamt! Kvifor reklamerar ikkje Kvasir med dette? I staden for dei UTRULEG dumme reklamane sine. Det hadde fått meg på Kvasir raskare i alle fall. Eg er jo ein gammal Kvasir-brukar, men blei heldigvis lokka over på den lyse sida ganske snart (Praise Google!).
Eg brukte fem minutt der eg oppdaterte Nøkkelhullfunksjonen relativt ofte. Og eg fant mykje… interessant…
Sjølvsagt var det ein god del snakkisar som folk søkjer på: Facebook, Se og Hør, og diverse ting det er reklamar for i desse dagar.

Facebook, facebook… ajende? Meinar sikkert Allende som i forfattaren. Google rettar sjølvsagt Ajende til Allende av seg sjølv.
Det var tydelegvis også nokon som leitte etter tips for å skrive ein tale. På 5 minutt fekk eg opp “damenes tale”, “datter til far tale”, “konfirmasjonstale”, “bryllaupstale” og så vidare. Er Kvasir ein utsøkt talesøkjar? Neppe… (Praise Google!)
Ei slik teneste som dette visar folks djupaste ynskjer til omverda. Heldigvis, for enkelte, visar den ingen (synlege iallfall) ting som kan spore opp folk. “Normale” ting som “porn”, “adult chat rooms”, “fuck”, “sex”, “damer”, “nude”, “pulte”, “girls holes”, “erotikkprat” og “knulle fitte” dukka sjølvsagt opp (Denne setninga kjem til å gjere sida mi 100% meir søkbar i Google). Men det var spesielt eit søk som fanga mi merksemd..

Bilder av sure kvinnfolk? *rawr*
Det treng jo ikkje å vere grisete, men like vel, det var då noko til fetisj!
Statistikk er jo alltid kos, så eg likte også Topplista til Kvasir ganske godt. På topp ligg dei viktige tinga på topp as usual. “Finn.no”, “spill”, “pule”, “finn” og “facebook”.. Det meste her ok. “Google” som 13. beste søkeord? “Servietter” som 19.? Og (overraskande nok ikkje høgare) min arbeidsgivar, akjan-ain-og-aotti på 44. plass.
Og nei, eg får ikkje pengar av Google for å skrive denne… Eller 1881… Eller Kvasir. Eg er ingen sellout, det er det Mathias som er.
Liknande artiklar
- Praisegoogle.com - SidenyheiterVevDesign
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- Slashignore – A Couple Of Dicks - Film
- Oppdatert: Tankesludd: Mange på nett - Internett
- Aprilsnarr!! - HumorMedia