Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din!

Neida, det var berre CSS Naked Day!

CSS Naked Day er den dagen då alle semantikk-orienterte nettsider viser sin body slik at alle kan sjå den.

“I gamle dager” var nettsidedesign skapt av tabell-basert design der font-tagar infiserte heile koden. Dersom du skulle forandre på noko som helst, krevde det at du gjekk gjennom alt som bestemte korleis designet skulle sjå ut, ofte hundrevis av kodesnuttar, for å forandre til det nye oppsettet.

Men så kom CSS! Herlege CSS. CSS, eller Cascading Style Sheets, er ein måte som ein kan skilje design og innhald. For å seie det enkelt, der ein før måtte bestemme korleis kvar enkelt element skulle sjå ut, så kan ein no skrive eit par linjer med kode, i eit eiget ark, som bestemmer for eksempel korleis alle overskriftene skal sjå ut. Eller alle linkar. Eller alle linkar i menyen. Ja, du skjønar sikkert (?).

CSS er no ein del av det som blir kalla webstandards, fremja av blant anna World Wide Web Consortium (W3C). Og dette skiljet mellom innhald, koda i XHTML, og design, koda i CSS, er ein viktig del av standarden og semantikken som dei meinar vil gjere nettet til ein lettare plass å surfe.

(Forresten, eg veit at nettsida mi langt frå validerar hjå W3C no, men det skal fiksast så snart som råd)

For å setje fokus på dette skiljet, som for eksempel gjer det lettare å tilpasse nettsider til forskjellige plattformar (PDA, tekst-baserte nettlesarar osb), så tek deltakarane vekk CSSen frå nettsida si ein dag i året. Blir nettsida vakrare? Neppe. Men så er det ei symbolsk handling også.

Så, eg gjer det, Ronny-Andre gjer det, Mats Andre gjer det, og bza gjer det. Og (foreløbig) ca. 1100 andre.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Tuesday 8. April 2008 , og er arkivert under Internett. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din!”

  1. GravatarKlinten fra Hveten skriv:


    Tid for å vise kropp…

    Som i fjor på denne tiden, har jeg i anledning CSS Naked Day deaktivert alle CSS-stiler i dag, 9. april. Flere som har gjort det samme: bza.no, auduns.no, Mikael Brevik, Auduns IT weblogg, Caveys hjem, Ronny Andrés absolutisme, BluMonkey, Indre….

  2. Gravatarmams skriv:


    nakenheit er kjedeleg!
    gler med over skilnaden -
    lovar å huske legge merke til den til neste nakne dag!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon