Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din!
Neida, det var berre CSS Naked Day!
CSS Naked Day er den dagen då alle semantikk-orienterte nettsider viser sin body slik at alle kan sjå den.
“I gamle dager” var nettsidedesign skapt av tabell-basert design der font-tagar infiserte heile koden. Dersom du skulle forandre på noko som helst, krevde det at du gjekk gjennom alt som bestemte korleis designet skulle sjå ut, ofte hundrevis av kodesnuttar, for å forandre til det nye oppsettet.
Men så kom CSS! Herlege CSS. CSS, eller Cascading Style Sheets, er ein måte som ein kan skilje design og innhald. For å seie det enkelt, der ein før måtte bestemme korleis kvar enkelt element skulle sjå ut, så kan ein no skrive eit par linjer med kode, i eit eiget ark, som bestemmer for eksempel korleis alle overskriftene skal sjå ut. Eller alle linkar. Eller alle linkar i menyen. Ja, du skjønar sikkert (?).
CSS er no ein del av det som blir kalla webstandards, fremja av blant anna World Wide Web Consortium (W3C). Og dette skiljet mellom innhald, koda i XHTML, og design, koda i CSS, er ein viktig del av standarden og semantikken som dei meinar vil gjere nettet til ein lettare plass å surfe.
(Forresten, eg veit at nettsida mi langt frå validerar hjå W3C no, men det skal fiksast så snart som råd)
For å setje fokus på dette skiljet, som for eksempel gjer det lettare å tilpasse nettsider til forskjellige plattformar (PDA, tekst-baserte nettlesarar osb), så tek deltakarane vekk CSSen frå nettsida si ein dag i året. Blir nettsida vakrare? Neppe. Men så er det ei symbolsk handling også.
Så, eg gjer det, Ronny-Andre gjer det, Mats Andre gjer det, og bza gjer det. Og (foreløbig) ca. 1100 andre.
Liknande artiklar
- Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud - Guidar
- Spock.com – hype anyone? - Internett
- Naken i morgon? - Internett
- id vs. class - GuidarRessursar
- Nytt design: Tankeprosess og skisser - GuidarRessursar