Kreativia.no lansert!

Åh, det var godt! Etter litt under eit års arbeid, mykje fram og tilbake, testing, utskifting, og så vidare er Kreativia.no endeleg lansert!
Kreativia.no er eit prosjekt som oppsto i asken etter XG-design, eit designforum som eg var med å drifte over ein periode medan eg gjekk på vidaregåande. Kreativia hadde som mål å vere litt meir enn det, me satsar på å vere ein stad der folk kan utfolde seg på alle mogelege måtar!
Og det var ei god kjensle å sende den ut. Veldig godt. Litt som å.. sende ein unge ut i verda for første gong?
Men, som eit born, så er den heller langt frå ferdig. Foreløbig har me sett den til Beta-status. Du kan lese meir om kva me har tenkt å gjere her.
Dersom du føler deg truffen av titlane: Design og Web, Kunst og Håndverk, Musikk og Lyd, Litteratur, eller Kreativ Kosekrok, så er du velkomen til Kreativia. Framsida vil vere fylt med nyheiter frå dei forskjellige felta, medan forumet er fylt med folk med kunnskap, kreativitet og konstruktive tilbakemeldingar.
Og i tillegg den flotte tråden: Tanketom vil ha kake! Hjelp han!, der ein skal ta utgangspunkt i dette biletet:

For så å finne ut korleis eg skal få tak i kake…
Velkomen skal du vere, til Kreativia.no!
Liknande artiklar
- Surfefunn - Nyheiter
- Hoppern oppe og køyre igjen - Nyheiter
- Praisegoogle.com - SidenyheiterVevDesign
- Den siste månaden - Sidenyheiter
- Nytt design – “Lampe” - Sidenyheiter