Kreativblogger – egad, a meme
Eg har blitt tagga av monshain som Kreativblogger, difor må eg tagge fire andre bloggar eg set pris på, og skrive litt om dei her.
Hjelp! Eg hatar å rangere ting, og iallfall med så små lister. 4 personar? Korleis skal eg klare det? Her må det kuttast med hard kniv..
Kanskje ikkje ein blogg, per def., men nettserien Umbraco (eller var det Unbraco?) handlar meir om teksten like vel. Leiker med det meiningslause og lettare absurde. I formspråket inspirert av XKCD, noko som absolutt ikkje er gale. Bloggsida hans er Oldemor, som eg har nevnt tidlegare i Donald-posten min.
Børge må også med. Spesielt likar eg friganismeposten hans, eit godt tiltak som fleire burde ta ein kikk på. Det er utruleg mykje brukbar mat som blir kasta kvar dag, til trass for at bruksdato omtrent er eit fiktivt begrep i mange tilfeller. Ellers har han ein god post om relativ pengebruk.
Hmm, ellers så tek eg med Trine. Kjenner meg veldig igjen i råner-posten hennar, og ellers er det jo greit å vite at det eksisterar kvinnelege nerdar også (Sniker meg også til å ta med Maren på eit subdomene. Hah! I beat the system!).
Vel, denne karen må vere med, det seier seg sjølv. Eskil, courtesy of Rølerbloggen, har ei tankeverksemd eg misunner. Sjølv om “mennesker stammer frå aliens”-teorien hans kanskje har nokre hol, og at Google-popularitets-testen neppe er metodisk gyldig, så er det like vel eit godt hovud på han, om enn skrudd litt rart på.
Desse fire (fem?) er no tagga, og må gjerne gjere det same om dei følar for det.
Liknande artiklar
- 5 ting du kansje ikkje visste om meg - Nyheiter
- Facebook == Outlook 2 - Nyheiter
- 1-2-3 og sånt – Fight Club - FilmLitteratur
- Klippe, klippe - Nyheiter
- 2481 kilometer.. on a shoestring.. - Media