Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Klippe, klippe

Då var Bergens-frisøren besøkt og borte blei håret. Var ganske lei den lurva på toppen av hovudet, i tillegg til mas frå familien, i tillegg til jula (nystrigla og velstelt lzzm), så det meste blei borte. Resultatet er eit hår, som ikkje har vore så kort sidan eg var 14-15.

Jaja.. Reaksjonane har vore blanda. Alt frå Pappa sitt: “Det så bra ut.” og meg med kort hår Kari sitt: “Eeey! Nokon har klipt seg!” til eit par “Hahahaha!”, Maria sitt:
“Neeeei!! Ja, men.. Håret!?” og Helene sitt: “Klipte du deg av fri vilje eller blei du tvungen?”

Eg takkar dessutan for rådet frå Heidi: “Når du blir gammel, må du klippe dæ’ kort, for du ser yngre ut!”

*hrmph*

Sjølv har eg blanda, stort sett positive kjensler. Ja, det er kort. Det er faktisk veldig kort. Men etter den varme sumaren me har hatt, så var eg ganske lei håret mitt.

Men ei tvangsklipping kan det nok godkjennast som. Pappa sa at no skulle eg klippe meg, og det gjorde eg.

Ho var vel vant til at gutar med halvlangt hår stussar kantane for 350 kroner (RAN?), og er fornøgd med det.

Sjølve klippinga gjekk unna på ein halvtime. Frisøren, ei jente/dame på 20-sumthing, spurte kjekt og greit: “Skal eg stusse litt ællar tænkte du nåkke a’ant?”. Ho var vel vant til at gutar med halvlangt hår stussar kantane for 350 kroner (RAN?), og er fornøgd med det. Ho blei difor litt lang i maska da eg sa: “Nei, vil nok ha det ein del kortare.”.

Endeleg skulle eg få valuta/klippetid for pengane. Er vel nærare to-tre-fire år sidan lengden på klippen har vore i samsvar med betalinga. Det tok ein halvtime. Eg var imponert over hennar kunnskapar om Lærdal (1881, fjord og tunnel) og ho var enig i at mormor kom til å bli glad når ho klipte håret mitt så kort.

Ho fortalte også skrekkhistoriar om å klippe i øyrer på frisørsalongen. Øyreflippar blør visst noko jævlig, har ho vore vitne til (men ikkje vore årsak til).

Då eg var ferdig, etter ein halvtimes, god prat, låg håret heilt i ro når eg rista på hovudet. Rart…

Jaja, eg blir no vant til dette også. Det blir nok dei rundt meg også. Kanskje…






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 25. January 2007 , og er arkivert under Nyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Vér så god, scena er di!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon