Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

@Kinosyndromet på µblogging

Oppretta i kveld profil på radioprogrammet eg er med i – Kinosyndromet – på Twitter og kvitre.no. Og snøgt vart situasjonen attende til slik Twitter var for meg for ca. to år sidan. Skilnaden er at eg no har vanane eg har frå å vere (ca.) på 200. plass over norske tvitrarar. Og eg må innrømme at det forvirrar meg litt.

For kva skal ein gjere? Skal eg opne med å følgje alle eg trur kan vere relevante for Kinosyndromet (som td. Filmfrelst-gjengen, og diverse filmbloggar?). Skal eg følgje alle eg trur Kinosyndromet vil vere relevant for (kvitrarar eg veit er filminteresserte)? Eller skal eg berre følgje éin og éin, og late den vakse, sakte men sikkert? Forløbig har eg lagt til folk eg kjenner, folk i radioen, diverse filmfolk og endte på eit tal rundt 50.

Tankane mine for @Kinosyndromet er hovudsakleg å ha ein stad å dele filmnyheiter på, samt å gjere det litt lettare for folk å svare på konkurransane våre (som me gjerne skulle ha hatt fleire innsendte til).

Via tenesta delicious.com delar eg alle nyheiter eg føler er interessante nok. Alle desse kjem hit til bloggen min (altså Surfefunn-kategorien min). Alle ting eg deler med tagen “Kinosyndromet” blir sendt via tenesta RSSToTwitter, til Twitter (dersom du veit om ei anna teneste som er betre, og også fungerar for OMB, skriv gjerne ein kommentar).

Etter kvart som SRiB får på plass ei podcast-teneste, så vil også Kinosyndromet-sendingane bli posta. I mellomtida postar eg einskilde anmeldingar frå Facebook-gruppa vår, til Facebook.

Kva er dine tankar? Er det for mykje dersom ei automatisert RSS-teneste (ikkje berre ein link) plutseleg postar 3 linkar med interessante filmnyheiter? Blir du skeptisk når du ser at ein «organisasjon» følgjer fleire personar enn den blir fulgt? Som nettansvarleg i ein radio – som prøvar som best den kan å nå ut til folk – er eg interessert i å vite:

Korleis fungerar det optimale radioprogrammet på ein µbloggingsteneste?

Har du lyst til å vere med å påverke korleis Studentradioen i Bergen styrer sitt liv innan dei sosiale media? Skriv gjerne dine tankar under! Eg er interessert i alt av tilbakemeldingar. Personleg kan du finne meg som @tanketom på Twitter og Kvitre, og dersom du er interessert i film kan du og følgje @Kinosyndromet på Twitter og Kvitre. Takk for merksemda di :)






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Friday 29. May 2009 , og er arkivert under Internett. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “@Kinosyndromet på µblogging”

  1. Gravatarbørge skriv:


    Jeg er skeptisk til organisasjoner som følger masse folk, ja. Når jeg ser at jeg blir fulgt av en org. som jeg ikke har fulgt først føler jeg det som followspam. Samtidig skjønner jeg jo at du vil at flere skal bli oppmerksomme på tjenesten, men jeg syns egentlig at man må prøve å finne en annen måte å gjøre det på. Men det er ikke en lett problemstilling, det er klart!

    PS: Jeg visste ikke at det finnes en tjeneste som heter RSSToTwitter. Derfor mitt rare spm i mailen. Twitterfeed er tingen. Ellers har du også Pingvine, men det har vært litt diskusjon om den kanskje poster ting til feil konto noen ganger. Søk på identi.ca eller spør @evan om de fant ut av det.

    PPS: Jeg savner OpenID her på bloggen. Du trenger bare å installere en plugin (søk), så er det gjort. :)

  2. Gravatartanketom skriv:


    No følgjer eg 68, og har 22 som følgjer meg. Må prøve å halde det under ein 4:!-ratio, men så veit eg jo også mange (iallfall i Noreg) som det kan vere nyttig å følgje.

    Twitterfeed fungerte maks, den postar no nye ting eg legg ut på delicious, og når det blir lagt ut ein ny podcast. Takk for tipset :)

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon