Kan me kjøpe deg?
I klisjeen bloggarar som skriv bloggar om blogging har me i dag komt til saka om bloggarar som får betalt for å blogge.
Dagbladet skriv nemleg i ein artikkel at bloggarar ikkje lar seg kjøpe, og eg seier då, “sjølvsagt!”
“Om du får pengar for å skrive er du ikkje bloggar, men reklamemann eller betalt journalist”
Idéen blei først introdusert til meg for omtrent eit halv år sidan på VG (via PCWorld). Under overskrifta “Blogg deg feit, rik og full” skriv PCWorld at forskjellige selskap som Heineken og McDonalds vil gi deg pengar for å ta bilder av sine produkt. Opptil 10 dollar for ein Big Mac faktisk.
Men er dette riktig? Sjølv om bloggebegrepet har blitt utvatna meinar eg fortsatt at blogging skal vere uavhengig. Om du får pengar for å skrive er du ikkje uavhengig, men reklamemann eller betalt journalist.
Så vil jo enkelte sjølvsagt seie at blogging berre er eit ord, men eg meinar at å få betalt for å skrive ikkje er det me kallar blogging, weblogging eller anna kreativ utfolding på nett. Ja, blogging er eit ord, på lik linje med “dotcom”, “web2.0″, men det betyr ikkje at det er verdilaust? Blogging er meir enn eit ord. Det er noko som har fått fleire tusenar til å gå på nett og skrive. Sjølv om verda sjølvsagt kunne ha vore spart for over halvparten av dei (MINST), så er det fint med uavhengige stemmer som seier det dei meinar i ei verd fylt med kommersielle og tabloide nyheiter. Go blogging! Blog good!
Liknande artiklar
- Blog Action Day - InternettPolitikk
- “Alle monner gjer ein stor å,” seier dei. - Nyheiter
- Blog Action Day 2008 - Politikk
- Dagbladet twitrar - Internett
- Kvasir sitt nøkkelhol - HumorInternett
Monday 26. February 2007 klokka 23:08
I will never sell out my blog!