Julepresangar

Årets jul var som vanleg meir kapitalistisk og kjøpesterk enn den forrige, men det forhindrar fortsatt ikkje at eg ikkje blir glad for presangane folk kjøper til meg (mystisk nok).
Så, me får vel berre starte:
Til mitt behuglege EOS 30D fekk eg eit Sigma 70-300mm DG Macro-objektiv og ein Canon Speedlite 430x-blits (med ein snasen batteriladar).
Ellers fekk årets bokkvote ein god start med bøkene “Hvor mye veide Elvis da han døde?” av Noel Botham og “Labyrinten” av Kate Mosse. Begge to er for øvrig skapelege bøker som eg kan anbefale. Den første for trivianerdar, den andre for fantasifantastar.
Eg har også fått blant anna nokre frekke sokkar og ein morokopp av G. Diverse gåvekort i artige butikkar/senter (er alltid greit å ha), Sfinx-sjokolade (same procedure as every year, James!), ei t-skjorte med glitter og litt bling frå Oslo (:wink:), ein konsert-DVD frå Systrondspiraten, slipsnål, bukse, sølvskei og andre koselege ting.
Er godt fornøgd eg!
Tenkte eg ikkje skulle nevne namn, slik at ingen er nevnt og ingen er gløymt. Om det er noko eg har gløymt så beklagar eg. Eg har alltid visst at eg måtte skrive opp liste for å hugse kva eg fekk av kven.
Tanketom.net tek overhode ikkje på seg ansvar for gløymte presangar.
Så kva har de fått til jul?
Liknande artiklar
- Den siste månaden - Sidenyheiter
- Macbook: The Unboxing - Anbefalingar
- iClip - InternettTeknologi
- Kvasir sitt nøkkelhol - HumorInternett
- Sjå, eg meinar også noko om Blogcamp - BloggInternett