IOGraph – muserørsletracking
Eg har lenge vore fan av ting som overvakar korleis me menneske rører på oss, eller som trackar våre rørsler. Det er difor eg er fascinert av programvare eller folk som lagar infografikk ut av GPS, eller anna statistikk.
Av ting eg har sett i nær fortid, kan eg til dømes vise til ein amerikanar som har kartlagt kriminalraten i Los Angeles som topografiske kart.
For å gå litt meir lokalt – faktisk ekstremlokalt – har eg i staden denne gongen fokusert på datamuserørsler, gjennom programmet IOGraph (til Mac, Windows-versjonen MousePath kan lastast ned her).
Programmet tek opp muserørslene dine, og lagar eit slags live-kart av korleis det rørar seg. I programmet kan du også pause og starte opptaket, lagre ein variant av biletet slik det er no, samt diverse innstillingar som omhandlar korleis rørslene kan lesast.
Disclaimer: Dette er ikkje 24 timar i strekk, dette er 24 timars bruk med to netters søvn i mellom.
3.2 timar
(Trykk på biletet for å få det større)

Ein ser at eg har to hovudstader for musepeikaren; til høgre og til venstre for innhald på nettsider. Pleier å dra musepeikaren ut i negative space når eg les på nettsider. I tillegg er musepeikaren mykje oppe i høgre hjørne, sjølvsagt pga. Exposé (viser alle vindauga eg har oppe).
6.9 timar
(Trykk på biletet for å få det større)

Omtrent det same, berre kraftigare. Dersom musepeikaren står stille over eit område som den har stått stille før, så teiknar den seg ein kvit runding rundt det svarte feltet. Meir spreiing av musepeikaren no, som eg trur kjem av litt aktiv Photoshopping i denne perioden.
14 timar
(Trykk på biletet for å få det større)

På jobb, og alt blir meir rotete. Større flekkar pga. av at eg går frå maskina for å gjere oppgåver (og gløymer å pause opptaket). Også her brukar eg heile skjermen i større grad.
17.5 timar
(Trykk på biletet for å få det større)

Etter eg er ferdig på jobb, og har vore litt heime. Lite anna enn meir av det same eg alt har gjort. Det einaste området som skiljer seg litt ut som minst brukt er hjørnet nederst til høgre.
24 timar
(Trykk på biletet for å få det større)

Ein dag heime. Koding, og nokre store flekkar i periodane då eg lagar mat, eller er utandørs på ein eller anna måte.
Konklusjon
Med unntak av at eg får eit overblikk over datamusbruken min er ikkje programmet særleg nyttig. Resultatet kan heller ikkje brukast til særleg mykje (verdas mest rotete skrivebordsbakgrunn?). Kanskje med litt meir konstruktiv bruk (skilje mellom jobb og fritid?) kunne eg ha fått noko ut av det.
Men det er artig å sjå slik tracking, og eg blir stadig meir inspirert til å lage noko liknande sjølv.. Er det kunst? Mest sannsynleg, ja. Programmet går framleis hjå meg, og det vert artig å sjå korleis den blir etter nokre dagar – meir rot, eller berre mest flekkar?
Har du gode eksempel på denne typen programvare som trackar din kvardag? iPhone, datamaskin eller andre periferalar, alt er lov. Har du stilige eksempel på outputs frå slike trackers?
Liknande artiklar
- Lydbølgjer - Musikk
- #Starwarsjulepynt - Nyheiter
- Simpsonize yourself! - HumorInternett
- iClip - InternettTeknologi
- Ut å stæle bilder - Humor