IKEA

Etter å ha bivåna alt frå RATIONELL til BODÖ på IKEA, for så å legge ROSKILDE utover golvet, og setje saman BILLY og BEKVÄM, så blei eg unekteleg litt nysgjerrig på kvar namna på IKEA-modellane kjem frå.
Eg er nemleg på flyttefot, og då er IKEA ein naturleg stoppestad. Det er nesten skummelt kor mykje ein faktisk finn ut at ein treng. Søppelkorg? Klart det! Speil? Sjølvsagt! Tepper? Mhm! Pynteputer? Oh yes! Kose-isbjørn? … Kvifor ikkje?! (Han heiter Iorek *kosepå*)
MEN, til poenget, namna. Alt på IKEA har eit namn, og det er stort sett litt småpussige nordisk-lydande namn som ein av til kjenner igjen, og av og til ikkje. Men er det eit system i galskapen? Vel, litt Googling leidde meg til Wikipedia, som igjen leidde meg til eit svar. Kategoriane får bestemte typar namn, etter følgjande kriteriar:
Stofftrukne møbler, kaffibord, “korg”-møbler, bokhyller, oppbevaringsboksar, dørknottar: Svenske stadnamn
KARLSKRONA:

Er det tilfeldigvis hoppbakke i Karlskrona?
Senger, garderober, gangmøbler: Norske stadnamn
TROMSÖ:

Tromsø, kaldt og hardt som stål.
Bokhylleseriar: Yrker
EXPEDIT:

For ein streit ekspeditør..
Baderomsartiklar: Skandinaviske innsjøar, elver og havner
FRYKEN:

Fröknarna Fräken i från Fryken?
Kjøken: grammatisk uttrykk, av og til andre namn
BEKVÄM:

Jo-o, mycket bekväm, eller hur?
Stolar, skrivebord: Gutenamn
TERJE:

Terje fekk ein faens klappstol, men eg får ikkje så mykje som ein krakk? Makan..
Stoff, gardiner: Jentenamn
ELISABET:

Alle barna holdt seg unna stoff, unntatt Elisabet, hun ble ett. LAWL!
Hagemøblar: Svenske øyer
ÄPPLARÖ:

Äpplarö är en ö i Stockholms skärgård
Tepper: Danske stadnamn
ROSKILDE:

Har to slike! Jeg står fandemej opp på ROSKILDE hver eneste dag!
Lys: Musikkuttrykk, kjemi, meteorologi, måleiningar, vekter, årstider, månader, dagar, båtuttrykk

KNAPPA TULPAN:
Titta på min fina tulpan!
Sengetøy, sengetepper, puter: blomar, planter, edelsteinar, søvn- kos- og behag-relaterte ord
KRAMA:

Kvifor dei kallar ein *kremt* madrassbeskyttelse.. for “klemme” veit eg ikkje, men det verkar litt spesielt
Borneting: pattedyr, fuglar, adjektiv
HIMMELSK:

Himmelsk? Jaja..
Gardintilbehøyr: matematiske og geometriske uttrykk
KVARTAL:

Kjøkkenutstyr: framandord, krydder, urter, fisk, sopp, frukt og bær, funksjonelle uttrykk
KROKEN:

Eg kjenner faktisk nokre som bur i Kroken!
Boksar, veggdekorasjon, bileter og rammer, klokker: kvardagsuttrykk, svenske stadnamn
FIRA:

Uff, ikkje kan dei telje ein gong. Alle kan jo sjå at det er åtte hyller! Ikkje FIRA!
Dette er sjølvsagt ikkje alltid slik. Den kjente (?) IVAR-hylla oppkalt etter designeren sin, ein gong på 70-talet (er det verkeleg nokon som vil ha verdas mest keisamme bokhylle oppkalt etter seg?), og sjølv har eg bokhylla BILLY, som neppe er verken eit svensk stadnamn eller eit yrke. Og det er nok mange slike unntak, av ein eller anna grunn.
IKEA-grunnleggjaren Ivar Kamprad gjorde visst nok dette for å sleppe å hugse rare talkombinasjonar og modellnummer på produkta sine. Grei ordning spør du meg.
Avsluttar med ein liten fun fact: Har du nokon gong lurt på kva IKEA står for? I og K står for grunnleggjaren sitt eiget namn: Ingvar Kamprad, E står for Elmtaryd (Älmtaryd, garden der han vaks opp) og A står for Agunnaryd, heimbyen hans.
Liknande artiklar
- 1-2-3 og sånt – Fight Club - FilmLitteratur
- CAPS LOCK DAY - HumorInternett
- Googlande Brilleslange #8 – Årsak/Verknad - Webcomic
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- TVTropes – It’s a trap! - FilmInternett