id vs. class

Om du har laga html/css-design har du sikkert vore borti <div>-tagen. Den enklaste måten å skilje <div>-tagar frå kvarandre på, er å bruke id eller class. Men når skal du bruke hvilken? Og kvifor?
Eigentleg er det ganske lett.
id - noko som aldri blir brukt meir enn ein gong per side, til dømes ein header, ein meny eller liknande.
class - noko som blir/kan bli brukt fleire gongar per side, til dømes ein spesiell type link (eksterne linkar) som har eit ikon etter seg, eller på tanketom.net, boksen som held på nyheitsbiletet.
Om ikkje dette blir gjort rett, vil det ikkje ha nokon direkte følger for nettsida di. Dei vil fortsatt visast rett. Men med tanke på semantikk er det det beste valet.
id definerar du i css ved å bruke “#”. Til dømes definerar du utsjånaden på <div id=”header”> ved å bruke #header { height: 120px; width: 600px; }.
class blir definert på same måte ved “.”. Ved å skrive .nyheit { height: 150px; width: 435px; } definerar du <div class=”nyheit”>
Alle andre html-tagar kan også sjølvsagt påverkast av desse, ikkje berre <div>-s. Det er class og id som er essensen i xhtml/css-webutviklingen.
Liknande artiklar
- Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud - Guidar
- Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din! - Internett
- Spock.com - hype anyone? - Internett
- VVV: coke.no - Internett
- Så mykje BIFF, så lite tid… - FilmInternett