Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

iClip

Binders? MacGyver anyone?
Binders er ikkje berre noko som MacGyver brukar til alt mogeleg rart. Det blir også brukt av litt større aktørar.

Eg er ærleg talt ikkje heilt sikker på om denne er seriøs, men den er i alle fall artig.

Flickr-brukaren kethmuth har nemleg delt verktøyet han fekk frå Apple då han fekk igjen ein iPhone det var noko feil med. Verktøyet, som blir kalla “Official iPhone Tool”, er ganske spesielt. Det liknar nemleg ganske mykje på.. ja, du gjetta det kanskje etter alle hinta? Ein binders! iClip anyone?

insert paper clip to resetDet er ikkje noko nytt at bindersar er nyttige for Apple-brukarar. Så lenge eg har vore borti Apple-maskiner (seint 90-tal) og også tidlegare (kjelder seier 80-tal) har bindersholet på sida av Macane vore til å restarte maskina eller opne cd-spelaren med. Ingen kan seie at dei ikkje er heilheitlege i alle fall! Ein nyttig binders med andre ord.

AAAH!!! DØØØ!!Det er meir enn Windowsbrukarane kan seie. Eg våknar fortsatt i kaldsveitte av og til av den forferdelege Word-bindersen som terroriserte meg gjennom lange, harde “Windows 95″ år… “Hey, it looks like you want to..” “SHUT UP!!” Fant aldri heilt ut korleis du skulle slå den av i Windows 95.

Eigaren av den fantastiske “Official iPhone Tool” har også lagt.. vel… bindersen… ut for salg på eBay om nokon er interessert. I skrivande stund er høgaste bud på USD$26 (ca. 150 kroner).






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Saturday 4. August 2007 , og er arkivert under Internett, Teknologi. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “iClip”

  1. GravatarDaniel Aleksandersen skriv:


    Høyeste bud ligger på 42 USD. Hvem gir så mye for en liten binders? Det er alvorlig talt ikke verdt det. Med eller uten Apple logo.

  2. Gravatartanketom skriv:


    Eg er HEILT einig! Fullstendig! Utan tvil faktisk.

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon