Hovefestivalen, altogether

Tenkte eg skulle samle alt i ein post eg.
Tysdag
Konsertar eg var på
- Incubus
- Queens of The Stone Age
- Litt av Amy Winehouse
- Kaiser Chiefs
Me (Grasnautbataljonen) ankom Hove tysdag formiddag. Ein stad mellom Oslo og Arendal hadde eg fått ein melding av Maja, ei venninne som jobba der som frivillig, som sa noko slikt som: “Hi guyz! Her er det nesten flom! Håper dere har med presenning!”
“…” var vel min første tanke etter det. Presenning var nemleg ein av tinga eg ikkje følte eg hadde plass til då eg pakka.
Me fant ut på vegen at det var like greit å avvente situasjonen til me kom dit. Då me nærma oss ytterlegare, blei veret verre og verre. Det datt store dråpar med vatn ned frå dei mørkt grå klumpane på himmelen, og det såg ikkje ut som det skulle bli noko betre.
Me gjekk frå bussen ved Hove sin parkeringsplass mot festivalområdet. Då me hadde blitt vidaresendt to gonger (Campane var fulle, og godt var det), kom me til Hove Camping, ein privat, permanent, campingplass utanfor festivalområdet. Der sette me opp telta våre, og etablerte den første Grasnautbataljoncampen nokon sinne.
Når det lei mot kveld gjekk me til vår første konsert. Eg, som tidlegare hadde høyrt mest på det instrumentale til Incubus, var spent på deiras vokalprakt også. Eg må seie meg einig med Øystein at vokalisten såg litt sleip ut, men eg likte konserten.
Ca. ein time seinare stakk eg ein tur innom Amy Winehouse. Ho gjorde ikkje mykje av seg sjølv. Det som vakte mest oppsikt (med unntak av høysåten ho hadde på hovudet), var dansemannen ho hadde med seg. I beste motownstil dansa han seg gjennom funkinga og groovinga til bandet i bakgrunnen.
Queens of The Stone Age drona seg gjennom sin robotrock i kjent stil. Sjølv om eg tykkjer at Josh Homme byrjar å bli litt for gamal for sitt eiget band etter kvart (einaste originale bandmedlem så vidt eg hugsar), så klarar han seg bra. Akkurat passe Elvis denne kvelden. Hoftebevegelsane og sleiken sutte for det.
Kveldens høgdepunkt for meg var Kaiser Chiefs. Mykje lys, mykje fart og mykje hopping. Blant anna oppfordra dei publikum til å vise den lengste fingeren mot himmelen for å stanse regnet. Eg skulle ynskje det hadde hjelpt…
Onsdag
Konsertar eg var på
- Me First and the Gimmie Gimmies
- Hold Steady
- Arcade Fire
- The Killers
- Litt av Gojira
- Bright Eyes
Torsdag
Konsertar eg var på
- Interpol
Fredag
Konsertar eg var på
- Mesteparten av Slayer
- Damien Rice
‘
Laurdag
Konsertar eg var på
- Modest Mouse
- Billy Talent
- My Chemical Romance
Mi Hove-favoritt-liste
- Arcade Fire
- Billy Talent
- Kaiser Chiefs
- Queens of The Stone Age
- Bright Eyes
- Modest Mouse
- Interpol
Liknande artiklar
- Komande høgdepunkt: Hovefestivalen - Musikk
- Hovefestivalen 08, altogether - AnbefalingarMusikk
- Sumarmusikk - Musikk
- Festivalblogging - MediaMusikk
- Kreativia.no lansert! - Internett
Friday 6. July 2007 klokka 22:44
Hørtes morro ut, tross regnet:)
Ha deg på irc da mann;)
Wednesday 23. April 2008 klokka 6:25
[...] først kan eg seie litt om årsaken. Eg prøvde meg i fjor frå same festival. Problemet var at alt eg gjorde av blogging blei i realiteten gjort etter [...]