Hoosgot a good use for Lazyweb 2.0

Om du ikkje kjenner til beteiknelsen Lazyweb, så er det kort fortalt at ein bloggar, eller eit forummedlem set si lit til “communityet” for å finne svar på eit spørsmål han lurar på med minst mogeleg anstrengelsar. Til dømes “Dear Lazyweb, how do I make (random OS X app) stop doing (random annoying thing)?”. Dette har no fått ein web 2.0-oppdatering.
Hoosgot.com (namnet er ei forenkling av orda “Who’s got..” er ein nettstad som er knytt opp mot Twitter (t.n:Twitter) og bloggtenesta Technorati. Den er laga af mannen bak sifry.com
Når du skriv ein Twit med @hoosgot og eit spørsmål etter, så vil hoosgot.com plukke den opp og legge den som ein post på sida si der folk kan skrive eit svar på spørsmålet ditt.
Til dømes spør drthomasho: “hoosgot a solution to error 0×9234006D on my Windows SlingPlayer”. Han gidd ikkje å google det, han gidd ikkje å finne eit forum for Windows Slingplayer, kva skal han gjere?! Han spør hoosgot (OMG)!
Eg har sansen for nerdete tjenester som går på tvers av plattformar, nettsider og anna, og dette er eit artig prosjekt. Kor populært det blir, gjenstår endå å sjå, men til å ha eksistert i to dagar, har det fått nok av merksemd i Twitter-communitiet.
Liknande artiklar
- Twitter i Opera - Internett
- Praisegoogle.com - SidenyheiterVevDesign
- Fleire profilar på ei gmail-adresse - Guidar
- Youtube - Error 505 - BloggHumor
- Dagbladet twitrar - Internett
Tuesday 1. January 2008 klokka 11:10 pm
[...] http://tanketom.net/skriv-om/hoosgot-a-good-use-for-lazyweb-20/ asks Hoosgot, [...]
Thursday 3. January 2008 klokka 12:44 pm
Hehe, så artig, dette kan jeg kanskje begynne å bruke, fremfor å spamme forum rundt omkring