Hobbiten - no også som film!

Ikkje berre ein, men to faktisk. New Line, og Peter Jackson, som også samarbeidde på Ringenes Herre-filmane har no avtalt å samarbeide om filmprosjektet etter litt trøbbel rundt avtalepunkta tidlegare.
Filmane, som skal bli produsert og regissert (kun produsert visar det seg, men dei har kontroll på kven som skal regissere) av Peter Jackson og kona hans Fran Welsh (som også tok seg av Ringenes Herre-filmane), skal starte innspelinga i 2009 og er venta som to filmar som skal kome ut i 2010 og 2011.
Sidan dette er mi absolutte favoritt-”barnebok”, så gledar eg meg som eit lite born til å sjå Bilbo si ferd gjennom fjell og skogar, og over tussar og troll. Det er ikkje enda fastsett kven som skal spele i filmane, men eg ventar at Andy Serkis i det minste gjer nok ei rolle som Gollum og Ian McKellen som Gandalf. Resten er opp til Peter Jackson, og hans crew av geniale filmhjerner.
Til slutt kastar eg inn eit lite fanbasert bidrag eg fan på “The Hobbit Blog”, den offisielle bloggen til filmen:
Mmmmm… Hobbitgoodness…
Eg kan allereie høyre opningslinjene..
“In a hole in the ground there lived a hobbit. Not a nasty, dirty, wet hole, filled with the ends of worms and an oozy smell, nor yet a dry, bare, sandy hole with nothing in it to sit down on or to eat; it was a hobbit hole, and that means comfort.”
*gledeseg*
Liknande artiklar
- Surfefunn: links for 2008-11-09 - Surfefunn
- Vi roter i våre arkiver: Drømmen om fred - Tekstar
- Uwe Boll, det einaste geniet i filmbransjen - Nyheiter
- Så mykje BIFF, så lite tid… - FilmInternett
- Monty Python and the Channel of Awesomeness - Internett