Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

GTA: IV

gta IV

Rockstar Games har nett lagt ut traileren til sitt neste GTA-spel.

Me snakkar russisk mafia, folkens! Russisk mafia!

Og lyseffektane ser geniale ut. Her er det realistiske skuggar frå ei sol som passerar over himmelen. Hovudbyen er New York (iallfall som eg klarte å sjå. Frihetsstatuen, Chrysler Building, Wall Street og Times Square), men eg reknar med at sjølv om byen såg gigantisk ut på traileren, så er det eit enda større område me snakkar om. San Andreas var trass alt ein liten delstat.

“Grand Theft Auto: Legal Russian” liksom? Neppe!
- tanketom

Traileren ligg på Rockstargames.com, men er i skrivande stund litt ustabil. Tek vel litt på når fleire millionar vil sjå traileren samtidig.

tog
Er dette den same byen som bileta nedanfor? Dette ser gigantisk ut.

tog
Køyre bil langs ei strandstripe? Ser eg The Big Dipper (Screamer) i bakgrunnen?

tog
Suburbia. Land of The Brave.

tog
Wall Street. Børs? Kapitalistjævlar?

tog
Getalife? Anar eg nye artige selskap?

tog
Berre… Sjå da…

tog
På filmen er alle skuggane dynamiske etter ei “verkeleg” sol.

tog
Så… Vakkert…

tog
Er det endeleg realistisk mange folk og bilar i byane no?

tog
Den antatte hovudpersonen, foreløbig utan namn.

tog
Vår nye hovudperson på veg inn i solnedgangen

tog
Vatnet er seriøst vakkert.

Slik det ser ut, går historia på noko om at vår kriminelle hovudperson, med aust-europeisk aksent, sakkar om sine mellom-menneskelege aksjonar (slavehandel, smugling og dreping). Det verkar som om han vil starte eit nytt liv i Amerika.

“Life is complicated. I’ve killed people, smuggled people, sold people.. Perhaps here.. things will be different..”
- GTA:IV-hovudperson

Om han snakkar lovleg liv, eller eit meir hardbarka liv lengre oppe i toppen, veit me ikkje, men kjenner eg Rockstar rett, så slepp han vel ikkje så lett frå det. “Grand Theft Auto: Legal Russian” liksom? Neppe!






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 29. March 2007 , og er arkivert under Internett. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Vér så god, scena er di!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon