God jul!
Det er jul! Bergen er ikkje ein ypperleg stad for ei kvit jul (det regnar.. bombe..), men ellers har julefreden sakte, men sikkert svevd inn over oss, og lagt seg som tjukk riskrem i alle luftrom.
I år har julehandelen lagt omtrent 44 milliardar kroner i kassaapparata rundt om i Noreg, noko som er ei sauke på 60% frå 2002. Ein kan lure på kvar alle pengane går til, me er då ikkje så mange fleire no enn for fem år sidan (i Noreg i alle fall). MEN, dette skal ikkje bli ei moralpreken om forbruket vårt, eg reknar med at du har høyrt nok om det allereie.
I staden vil eg berre avslutte med å ynskje alle mine (sikkert færre enn) 12 13 lesarar ei riktig god jul, jol, kwanzaa, hanukkah eller kva du no enn feirar i kveld.
Liknande artiklar
- Fleire profilar på ei gmail-adresse - Guidar
- Dagbladet twitrar - Internett
- Nytt design - “Lampe” - Sidenyheiter
- Så mykje BIFF, så lite tid… - FilmInternett
- Macbook Air - Teknologi