Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Fleire profilar på ei gmail-adresse

tanketomtanketomtanketomtanketom... narcissist, much?

Opplevd å ikkje kunne lage ein ny profil på t.d. Twitter fordi du ikkje har, eller gidd å lage, ei ny mailadresse? Vel, dette er lett å kome unna, iallfall om du har ei gmail-adresse.

Mi gmailadresse er tanketom(at)gmail.com, det er det ingen måte å forandre på. Men dersom du skulle føle for å lage mailadressa tanke.tom(at)gmail.com, så går det ikkje. Kvifor? Vel, det er litt av poenget.

Det er nemleg ingen andre som har tanke.tom(at)gmail.com, det er meg! Samtidig har eg tank.etom (at) gmail.com, tan.ke.tom(at)gmail.com og så vidare. Gmail reknar nemleg med slike “skriveleifar” når du registrerar namnet ditt, og dette kan du utnytte.

Ved å skrive inn ditt eiget brukarnamn, ispeidd litt punktum her og der, kan du ha fleire Twitter-kontoar, du kan samle saman beta-invitasjonar eller ha andre brukarkontoar som du slepp å administrere frå fleire forskjellige mailadresser.

Ut frå mitt brukarnamn på åtte bokstavar, så kan eg få fleire hundre mailvariantar. Om eg nokon sinne kjem til å bruke så mange? Neppe. Men det er mogeleg! Og det er greit når eg har tre Twitter-kontoar eg passar på (og berre to mailadresser eg brukar).






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Sunday 27. April 2008 klokka 10:09 am og er arkivert under Guidar. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Fleire profilar på ei gmail-adresse”

  1. GravatarRonny-André Bendiksen skriv:


    Hvis du skal registrere deg et sted “midlertidig”, det vil si, hvis du ikke vil legge igjen din egen e-postadresse, men du må gjøre det for å for eksempel konfirmere at e-postadressen er din, kan du bruke tjenester som for eksempel spambox.us. Der oppretter du en tilfeldig e-post, som du velger skal vare alt fra 30 minutter til 1 år. Genialt!

  2. Gravatartanketom skriv:


    Eller slopsbox.com der du ikkje treng å opprette ein konto ein gang, men kan hente ut det som er sendt til *kvasomhelst*@slopsbox.com. Blir sletta automatisk etter 24 timar, og godtek ikkje vedlegg. Praktisk!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Siste Linkdump

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon