Fleire profilar på ei gmail-adresse

Opplevd å ikkje kunne lage ein ny profil på t.d. Twitter fordi du ikkje har, eller gidd å lage, ei ny mailadresse? Vel, dette er lett å kome unna, iallfall om du har ei gmail-adresse.
Mi gmailadresse er tanketom(at)gmail.com, det er det ingen måte å forandre på. Men dersom du skulle føle for å lage mailadressa tanke.tom(at)gmail.com, så går det ikkje. Kvifor? Vel, det er litt av poenget.
Det er nemleg ingen andre som har tanke.tom(at)gmail.com, det er meg! Samtidig har eg tank.etom (at) gmail.com, tan.ke.tom(at)gmail.com og så vidare. Gmail reknar nemleg med slike “skriveleifar” når du registrerar namnet ditt, og dette kan du utnytte.
Ved å skrive inn ditt eiget brukarnamn, ispeidd litt punktum her og der, kan du ha fleire Twitter-kontoar, du kan samle saman beta-invitasjonar eller ha andre brukarkontoar som du slepp å administrere frå fleire forskjellige mailadresser.
Ut frå mitt brukarnamn på åtte bokstavar, så kan eg få fleire hundre mailvariantar. Om eg nokon sinne kjem til å bruke så mange? Neppe. Men det er mogeleg! Og det er greit når eg har tre Twitter-kontoar eg passar på (og berre to mailadresser eg brukar).
Liknande artiklar
- Twitter i Opera - Internett
- Dagbladet twitrar - Internett
- Sjå, eg meinar også noko om Blogcamp - BloggInternett
- Opera 2: Tilpasningsdyktig - Guidar
- Googlande Brilleslange #6 – Fisk - Webcomic