“Ferie”

Vil berre unnskulde Eg ber med dette om orsaking (takk, mamma) for at det har vore daudt her i nær ei veke. Dette skuldast mange faktorar, både arbeid med ferdigstilling av kreativia.no og jobb, i tillegg til andre prosjekt (nei, det er ikkje meininga at du skal skjøne koplinga) og generell sumar (sjå bileta under).
Til slutt, to vakre sumarbileter frå den vakraste dagen på Hovefestivalen i fjor.

Bilete: Andreas H.O., 2007

Bilete: Andreas H.O., 2007
Om ikkje desse får deg i sumarstemning, så veit eg ikkje kva som skal til!
Og til slutt, gratulerer med dagen til alle som føler glede over den nye ekteskapslova! Til alle homofile og lesbiske, velkomen opp kyrkjegolvet! Det var så mange andre som skreiv kloke (og mindre kloke) ord om dette at eg valgte å ikkje skrive nokon artikkel om det. Nok er nok lzzm.
Liknande artiklar
- Russemerker: ide til ferdig “produkt” - DatakunstHumor
- Syyk, syyk mann - Nyheiter
- Kva ****? Tanketom, det er noko gale med bloggen din! - Internett
- Som bursdag og julaftan på same dag - Humor
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
Friday 13. June 2008 klokka 19:42
EG OG VIL SPELA VOLLEYBALL MED BLOMENETT!
Det blir mitt mål for sommaren (i tillegg til øveøveøveøve)!
Saturday 14. June 2008 klokka 18:33
Då føreslær eg at du blir med på Hove, Jostein. Så kan du bli med i Grasnautbataljonen
Sunday 15. June 2008 klokka 22:09
Det trur eg vel ikkje kjem til å skje. I år var det berre ein aktuell rockefestival; Roskilde (Radiohead), så når eg ikkje reiste på den, blir det ikkje nokon. Det DU derimot kan gjera, er å joine oss på Moldejazz!
Monday 16. June 2008 klokka 2:27
Herlige, herlige bilder. Jeg kjenner jeg trenger solskinn, varme kvelder og et kamera nå…
Monday 16. June 2008 klokka 23:18
du ber med dette om orsaking
Wednesday 16. July 2008 klokka 23:45
Lesbiske går ikkje under kategorien homofile?
Wednesday 16. July 2008 klokka 23:53
@Kærri: I min definisjon, jo, men det var meir med tanke på “Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring” som organisasjonen sjølv kallar seg. When in Rome, do like the Romans do.