Fantastisk motsigelse

Som ivrig lesar av aviser på nett, snublar eg ofte over kommentarane som ligg under “utvalgte” nyheiter i til dømes Dagbladet og VG. Det eg ofte legg merke til er at desse kommentarane er minst like underhaldande som sjølve saka, på ein dårleg måte.
Til dømes rundt debatten om hamstring av flasker i giardia-PANDEMIEN i Oslo. No er dette eksempelet riktig nok teke frå ein av Dagbladet sine webloggar, men eg følar det tek kommentarfeltet på spissen like vel.
Under bloggen “Ditt sanne ansikt - for en flaske vann” (som for øvrig har eit greit poeng, men eit usakleg konklusjon) står følgjande kommentar:

…
Eg skal ikkje byrje å ironisere over rettskrivinga til “voss”, med unntak av at punktum er ein fin bil, men at personen ikkje har innsett kva han/ho her har skrive overraskar meg stort.
“voss” hevdar at bloggforfattaren er lat og sutrete fordi han ikkje gidd å gå i butikken for å kjøpe vatn på flaske, når kjøpevatn på flaske er sjølve beteiknelsen på latskap og sløseri i eit land som trass alt er eit av verdas beste på reint vatn.
I staden for å koke springvatnet sitt i tre minutter, velg altså delar av det Oschloske folk å hamstre Imsdal og Olden for å mette sitt utørstelege behov etter “friskt” vatn. Dette vatnet som stort sett er filtrert springvatn som kjem frå ein anna stad i landet.
Ikkje berre er det unødig bruk av pengar, det er miljøskadeleg óg. Ein halv liter vatn krev 1500 gongar meir energi enn same mengd vatn frå springen! Til samanlikning omtrent like miljøskadeleg som om ein fjerdedel av flaska var fylt med olje.
Eg får sitere ein anna kommentar i same slengen:
Kok vannet istedenfor! OG hvis man skulle synes at det ikke er fresht etterpå, ha noen skiver med sitron eller agurk oppi og sett det i kjøleskapet
Minimer kjøpet av flaskevann til det MEST nødvendigste..
satyrkid
Så slepp ein desse “jamen vann som en koker smaker ikke like godt som vann som man kjøper på flaske”-greiene. Alt dreier seg om kva du gidd å gjere. Det enklaste er IKKJE alltid det beste.
Liknande artiklar
- Aprilsnarr!! - HumorMedia
- Banneremse - Film
- Nei og nei og nei - FilmMedia
- Stoltenberg er ein gamer - Nyheiter
- Star Wars-jubileum - Nyheiter
Friday 19. October 2007 klokka 22:20
Apropos Voss og filtrert springvatn: Linda Eide bruker Voss-vatn for 3000 kr.