Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Facebook == Outlook 2

facebook! we loves it!

Per Edgar Kokkvold likar ikkje at journalistar har vener. Det er jo forståeleg i seg sjølv. Journalistar er jo sleipt avskum som utnytter alle rundt seg til eiga vinning. Dei simpelthen elskar jo å dra folk ned i søla.. Alle saman..

Aller først kan eg kanskje nevne kven Per Edgar er. Det er greit å vite kvifor han har ei viss tyngde i den norske mediaverda (han er omtrent i pensum på media og kommunikasjon). Herr Kokkvold er generalsekretær i Norsk Presseforbund, som i følge seg sjølv er eit “fellesorgan for norske massemedier i etiske og redaksjonelt faglige spørsmål”. Altså er det dei som bestemmer kven som har gått over streken når det gjeld presse-etiske spørsmål.

Men tilbake til saka! Per Edgar gjekk i forrige veke ut og fortvilte over Sør-Trøndelag sin fylkesordførar som hadde 5 (ja, 5, ikkje 10) journalistar på “Friends”-lista si på Facebook. Det som er greit med litt middelaldrende menn, er at dei ofte tek ting litt for bokstaveleg. Ein ven er ikkje alltid ein ven. Eg har for augneblinken 107 vener på Facebook. Dei fleste er folk eg vil karakterisere som vener, eller i alle fall godt bekjente, men eg har også redaktøren i ITavisen. Ikkje akkurat ein nært bekjent, sjølv om eg “kjenner” han via kudos.no.

Det blei slått opp i “de store, seriøse aviser” her om dagen, at John Christian Elden var “venn” med glamourmodellane Aylar (eller eks-glam da, uansett) og Triana Iglesias. Trur du ikkje at dei er i vennelista hans fordi han har representert dei i saker i retten? Eller trur du dei heng på byen kvar helg, medan dei nippar sjampanje og et kirsebær saman? Sjølv om Elden sikkert ønsker den siste, trur eg først og fremst det er den første. Han hadde dei begge i adresseboka si vil eg tru?

Når ein skal finne “vener” på Facebook, så søker ein gjennom adresseboka til mailen sin. Slik blir Facebook omtrent som ei adressebok i den forstand.. Ei utvida, sjølvoppdaterande (takk, Cavey) adressebok.. med intern mail og kalender.. og fyllebileter..






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Thursday 24. May 2007 , og er arkivert under Nyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Facebook == Outlook 2”

  1. GravatarCavey skriv:


    Helt enig ang. det med Facebook og adressebok. En adressebok man slipper å oppdatere selv :) Det er forskjell på “lekekamerater” og bekjentskaper. Hadde man hatt flere hundre vennskap (som man følger opp og holder ved like), hadde man ikke fått tid til å sove engang!

  2. Gravatarpaula skriv:


    jeg har drøssevis av “venner”, svært få av dem er egentlige venner. Man kan ikke bassere facebook på sannheten om venner. Halvparten er folka jeg bare har gått på skole med, ikke i klasse med en gang!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon