Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Eit godt svar

spela CS på daton?

Klassekampen skreiv for nokre veker sidan om e-sport som eit seriøst fenomen. Dette er det ikkje mange aviser som har gjort til no. Kvifor ikkje?

Artikkelen handlar om Jonas A. Vikan, ein av få nordmenn som har livnært seg på dataspeling.

Uansett, det er vel og artig med seriøse artiklar om e-sport, men det beste med artikkelen var fortsatt svaret Jonas A. Vikan gav på spørsmålet: “– Kvifor er dei mest populære dataspela så valdelege?” (Ah, nynorsk i media, så deileg!). Han svarte følgjande:

Det finst mange ulike dataspel – bilspel, ulike idrettsspel og jamvel luftgitarspel. Men det som fungerar best i den virtuelle verda, er som regel det som skil seg frå røynda. Det er meir underhaldande å spela Counter-Strike enn onlinefotball. Då snakkar eg ikkje om valds- eller våpenbruk. Det er ikkje interessa åt Counter Strike-spelarar. Det er derimot ferdigheiter, taktikk og metodar for å koma seg forbi ein motstandar til dømes. Om ein er interessert i fotball, gjev det meir å sjå kampar i Champions League
- Jonas A. Vikan

Eg kjenner mange som seier seg einig i dette. Hadde berre Jack Thompson komt til vetet.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Tuesday 8. May 2007 , og er arkivert under Internett, Media. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Vér så god, scena er di!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon