Eit godt svar

Klassekampen skreiv for nokre veker sidan om e-sport som eit seriøst fenomen. Dette er det ikkje mange aviser som har gjort til no. Kvifor ikkje?
Artikkelen handlar om Jonas A. Vikan, ein av få nordmenn som har livnært seg på dataspeling.
Uansett, det er vel og artig med seriøse artiklar om e-sport, men det beste med artikkelen var fortsatt svaret Jonas A. Vikan gav på spørsmålet: “– Kvifor er dei mest populære dataspela så valdelege?” (Ah, nynorsk i media, så deileg!). Han svarte følgjande:
Det finst mange ulike dataspel – bilspel, ulike idrettsspel og jamvel luftgitarspel. Men det som fungerar best i den virtuelle verda, er som regel det som skil seg frå røynda. Det er meir underhaldande å spela Counter-Strike enn onlinefotball. Då snakkar eg ikkje om valds- eller våpenbruk. Det er ikkje interessa åt Counter Strike-spelarar. Det er derimot ferdigheiter, taktikk og metodar for å koma seg forbi ein motstandar til dømes. Om ein er interessert i fotball, gjev det meir å sjå kampar i Champions League
- Jonas A. Vikan
Eg kjenner mange som seier seg einig i dette. Hadde berre Jack Thompson komt til vetet.
Liknande artiklar
- Praisegoogle.com - SidenyheiterVevDesign
- Opera 2: Tilpasningsdyktig - Guidar
- Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud - Guidar
- On the matter of twilving… - LitteraturTankesludd
- And now for something completely different: Natur og Ungdom er illuminatiterroristar - Internett