Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.

Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Vi roter i våre arkiver: Ein hardtslåande tittel

I den veldig, veldig nye serien: “Andreas finn filer han laga/skreiv/teikna på den forrige dataen sin”, startar me med ei slags novelle eg skreiv ein gang. Den er frå min humoristisk-groteske periode, og er rimeleg spesiell. Veldig detaljrik.. og blodig.. Enjoy!

Eirik Sjøvold var ein svært så lukkeleg mann. Han var 29 år, hadde kone og fire barn, ein hund, ein stor Volvo stasjonsvogn og ein villa med nydeleg utsikt, svært sentralt plassert litt utanfor byen. Han hadde svært stabil økonomi. Han hadde meisla trekk og ei markert kløft i haka som han hadde fått skryt for av mange kollegaer, både kvinnelege og mannlege, og var ellers svært så attraktiv. Han var glad i rolege kveldar med raudvin (Caubergnot Ellysses ‘84) framfor peisen, lange gåturar i fjellet og romantiske komediar saman med kona.

Heilt sidan han var liten hadde alle meint at han kom til å bli noko stort, og, vel, det hadde han. Etter å ha gått ut som beste student i barneskulen, ungdomsskule, vidaregåande skule, høgskule, universitet og det som verre var, var han no landets beste lege og forskar, og var i full gang med å finne ein universalkur for HIV/Aids, dei fleste kreftsortar og tarmbrokk. Han hadde også allereie vore sterkt involvert i løysinga av store universelle spørsmål som: “Kvifor er me her?”, “Dersom eit tre fell i skogen utan at nokon er i nærleiken, lagar det då lyd?” og “Slår verkeleg lyset i kjøleskapet seg av når du lukkar døra?”

Eirik var eigentleg svært nært den perfekte mann. Denne historia kunne sikkert ha vore ganske spennande dersom Eirik hadde hatt hovudrolla, men det har han ikkje. Faktisk så har ikkje Eirik nokon anna verdi i denne historia bortsett frå å lage ein introduksjon som enkelte vil like, og andre ikkje. Eirik blir faktisk i dette øyeblikk påkjørt.

“SKREEEEENS!!!!!” Olav snudde hovudet så fort at han hadde blitt svimmel, dersom det ikkje hadde vore for at han ikkje pleidde å bli svimmel når han snudde hovudet fort rundt. “BANG!” Han såg ein fullstendig framand mann bli treft av ein bil, ein ganske fin bil faktisk. Ein blå Mitsubishi Evo VIII ‘02-modell med kvite vinylstriper på sida.

Mannen, som Olav ikkje hadde peiling på kven var, blei treft i knehøgde av den utbygde støytfangaren som Olav ikkje visste at var importert frå Japan, og blei slått med ei kraft på omtrent 35G med hovudet først inn i panseret, som Olav ikkje visste, hadde kosta eigaren av bilen ganske mykje. Hadde Olav vore nær nok, hadde han faktisk kunne ha høyrd at panna til den svært så velkledde, framande mannen hadde blitt knust mot den kvalitetssikra aluminiumen. Men det gjorde ikkje så mykje, fordi det ingen andre som gjorde det heller, og for den del var det nok heilt sikkert ingen som ville det heller. Føraren av bilen fekk så klart eit ganske stort sjokk av at ein svært så framand mann plutseleg, så godt som, sto inn frontruta hans med hovudet først og gjorde det alle vanlege menneske ville ha gjort, han tråkka så hardt på bremsepedalen at han fekk krampe i foten og blei sittande, fullstendig i sjokk mens han såg på det no ikkje fullt så attraktive ansiktet til mannen som av ein eller anna grunn hadde vore så frekk å stille seg midt i vegen akkurat når han kom køyrande med bilen sin.

Olav, som hadde bivåna dette, til no, tre sekundar lange skrekkscenarioet, såg blodet til den framande mannen renne nedover den blå bilen. Han kunne kjenne lukta av blod og brent gummi sive gjennom nasebora og han kjente at den pressa sveitta ut av porene i panna hans.
Så trakk han på skuldrene og gjekk vidare mot jobben…






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Tuesday 20. February 2007 , og er arkivert under Tekstar. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

2 kommentarar på “Vi roter i våre arkiver: Ein hardtslåande tittel”

  1. GravatarMads skriv:


    HAHAHAH! Fikk latterkrampe! Godt skrevet da, og fine skildringer, samt morsomt! Jeg vil se fler! :p

  2. Gravatartanketom skriv:


    Trur dette er ein av dei betre :P Burde kanskje ikkje ha blåst den så tidleg, men venta til eg hadde lagt ut nokre andre, litt dårlegare..

    Men skal sjå kva eg finn ^^

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon