Duetruet tabloidjournalist ministerreddet midt i velgerjakta
Breaking News: tanketom.net var i vår eksklusivt ute med bileter då statsminister Stoltenberg stod fram som gamer. No kan det sjå ut som om han skyt frå hofta også i det verkelege liv. tanketom.net gir deg den spanande historia.
Vår snarrådige og enorme leiar tok nemleg saka i eigne hender då han såg eit stakkars journalist-team bli truga på livet av eit trefold med ringduer i Frogn, Akershus.
Med refleksane til ein sibirsk tiger og auge-hand-koordinasjonen til ei strikkande bestemor med handarbeidslupe tok han knekken på fem-seks iltre fuglar som formasjonsflaug mot assorterte journalistar frå avsorterte norske media.
- Jens Stoltenberg kan drepe to steinar med ein fugl, så eg var ikkje overraska då han skaut seks-sju fuglar på tre sekund med ei toløps-hagle, seier ein av dei i ein kommentar.
- Æ va der å! Bullet-taim og råkk’n'råll!, skyt Trond Giske inn like før han fér inn i solnedgangen med ein p3-programleiar ridande på skuldrene.
Dei privat-eigde media i Noreg framstiller dette som ei daglegdags sak, men statsstøtta tanketom.net kan bekrefte frå sikre, anonyme statsstøtta kjelder at vår side av saka er den rette einaste. Dette er faktisk ei eindimensjonal flate. Stoltenberg er så flink at han set tåa utanfor dei fysiske lovar når han skyt ned flokkar på flokkar med mannevonde fuglar.
Det er seinare sett ut rykter frå onde blåtunger at Jens eigentleg var på velgerjakt. Dette er sjølvsagt tull. Jens tok berre ei pause frå koalisjonsmaset til Sponheim.
Lat oss alle hylle vår klarsinna meister, som sjølv i Hitchcockske scenario kan ha nok is i hovudet til å halde tunnelsynet rett i tunga. Flink statsminister, stem på han!
Oppdatert: Like etter prøvde Russland sin dikt.. pres.. statsminister Putin å kopiere bragden ved berre å bedøve ein tiger i eit liknande PR-stunt i Russland. Åh, så tøff han er da…
Liknande artiklar
- Stoltenberg er ein gamer - Nyheiter
- 5 ting du kansje ikkje visste om meg - Nyheiter
- Rådlaus i det trådlause? - InternettMedia
- Klimaproblemet summert opp i ei setning av VG - HumorMedia
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
Sunday 7. September 2008 klokka 10:09
- det finst mindre tabloide medier å strekkje seg etter…
god søndag til du!