Siste 5 kommentarar:

Siste 15 artiklar

Den siste månaden

GHAAAAAAL!!

Den siste månaden har faktisk vore fullstendig gal. Heilt koko faktisk.

Nettsida mi fekk brått litt større trafikk etter årets aprilsnarrsak blei linka til frå Dagbladet. Med rundt 2600 innhopp frå Dagbladet, og 1100 innhopp frå ITavisen er det ikkje overraskande at det er den mest leste saka mi… Nokon sinne.

Som nokre kanskje har merka har ikkje dette berre ført til meir trafikk frå andre si side, men også meir trafikk frå mi side, og denne månaden trur eg må vere den første eg har gjennomsnittleg over 1 post per dag (1.10 per dag den siste månaden, ifølge Useless Stats). Fleire lesarar gir overraskande nok også meir inspirasjon.

Akkurat kor mange lesarar eg har er eg usikker på, ettersom eit analyseverktøy eg brukar gir meg 300-400 besøk (Visits) kvar dag, medan eit anna gir meg eit maksantal på rundt 50 besøk over dei siste to vekene. Sanninga ligg vel ein stad i midten. Om du har nokre innspel på kven eg skal stole på av Google Analytics og Webalizer, spytt gjerne ut. Men det analyseverktøyet eg har brukt lengst visar at aktiviteten på sida har blitt fordobla, noko eg likar godt.

Fordi: Det er fantastisk artig å skrive når eg veit at det eg skriv blir lest! Sjølvsagt skulle eg ynskje eg hadde like mykje kommentaraktivitet som enkelte andre, men slik er livet. Kanskje eg ikkje gjer folk forbanna nok? Kanskje eg også skal byrje å mobbe andre folk i bloggeverda? Bra eg ikkje tek meg sjølv så høgtideleg, eigentleg.

I tillegg til at eg skriv meir har eg også ordna på det bakanforliggande. Eit nytt design har hoppa opp, i tillegg har eg gjort småforandringar med diverse innstikk, som blant anna galleriet mitt, siteringsfunksjon i kommentarane og å ta vekk nofollow i linkane i kommentarfeltet. Og alt eg gjer, gjer eg berre for deg. Er ikkje du heldig, så veit ikkje eg.

Googlande Brilleslange kjem forresten i morgon! Eg har valgt å flytte dag av litt ulike årsaker.






Liknande artiklar

Dette innlegget blei publisert Monday 5. May 2008 , og er arkivert under Sidenyheiter. Du kan fylgje med på responsen til innlegget med RSS 2.0-straumen. Du kan leggje attende ei tilbakemelding eller ei tilbakesporing frå di eiga side.

Ein kommentar på “Den siste månaden”

  1. GravatarJIKvig skriv:


    Ja det hjelper å ekspandere sitt lesernettverk.
    Og det hjelper å jo så klart å få 3-4000 besøkende;-)
    Stå på!

Legg att ein kommentar

Til toppen

Andre sider

Om tanketom

Eg er Andreas, nerd, student og bergenser, gjerne i den rekkefølgja. Meir om meg her.

Om tanketom

Tanketom.net er nettsida til Andreas H. Opsvik. Alt innhald på denne sida (inkludert design og css-kode) er knytta til Andreas H. Opsvik via Åndsverkslova, med mindre nokon anna person eller lisens er oppgitt.

Om tanketom.net


Administrasjon