Dagbladet twitrar

I kjølvatnet av ein heil del andre som plutseleg skriv om Twitter, tenkte eg at eg skulle gjere eit forsøk her også.
Til vanleg når Dagbladet melder om nett-trender, så er dei ofte håplaust seint ute. Ta til dømes Rickrollinga dei meldte om her for nokre veker sidan, det er vel nokre år gammalt. Men fair enough, ikkje alle kan vere like nerdete som meg heller. Det ville neppe ha vore sunt.
I bølgja av NRKbeta sin aktive blogging om Twitter har no fleire og fleire innteke den kortformulerte verda. Av større norske tiltak var vel kanskje NRKbeta først ute, og i den siste tida har både Start.no, i1-nettverket og til slutt Dagbladet innteke manesjen.
Sjølv slang eg meg på for omlag eit år sidan, men byrja ikkje aktivt å Twitre før for nokre månader sidan. Av same grunn som dei fleste andre, det var rett og slett ingen å Twitre med. Det blei i staden brukt som ein funksjon for småting, som eg litt for sjeldan oppdaterte (Twitter er mogeleg å oppdatere via adresselinja i Opera, visste du det?).
“Er Twitter det nye Facebook?” spør Jan Omdahl i Dagbladet si nettutgåve i dag. Nei, trur eg. Til det er det for smalt. Twitter er heller den nye blogginga. Eller mikroblogging, som det heiter så fint.
Som eg skreiv i ein liten “samtale” på Twitter med Børge ein kveld. Stor irritasjon = Blogginnlegg, liten irritasjon = Twitter. Og eg tykkjer det beskriver det ganske godt. Twitter er for dei små “filletinga” som folk gjerne kan få vite om, men som du ikkje gidd å bruke ein heil bloggpost på.
Kosar du deg med middag? Twitter! Irritert på kjerringa i banken? Twitter! Like før du skal ut og reise? Twitter! Skriv du ein bloggpost om Twitter? Twitter!
I tillegg er det eit greit reklameverktøy. Som Fredrik Johnsen (via NRKbeta) er inne på: Ei pressemelding treng ikkje å vere lengre enn 140 teikn! Fungerar også ypperleg som eit alternativ i tillegg til RSS for bloggar rundt om kring.
Samtidig skal det seiast at eg ikkje følgjer nokre av dei større mediaaktørane på Twitter. Dei produserar faktisk for mykje til at eg tykkjer det blir oversiktleg. Eg har meir enn nok med å ha “kontroll” over dei 29 eg allereie følgjer, og no kjem bølgja..
Liknande artiklar
- Den siste månaden - Sidenyheiter
- Star Wars-jubileum - Nyheiter
- Ny funksjon - Sidenyheiter
- @Kinosyndromet på µblogging - Internett
- Twitter i Opera - Internett