Endeleg IE6! Og eit forseinka påskeegg

Ah, endeleg. Tok meg endeleg tid til å fikse sida lik at den fungerar (nokon lunde) i IE6 også. Med den stigande trafikken og det faktum at IE6-brukarar skaut opp til den tredje største massa av nettlesarar som er på sida mi følte eg det var på tide.
Før såg sida forferdeleg ut, ettersom IE6 ikkje støttar gjennomsiktigheit i .png-formatet skikkeleg. Dette er blant anna bileta eg brukar i menyen øvst. I tillegg gjorde noko gammal kode til at hovudbileta over saker alltid var like breie som dei var høge. Synd og skam!
IE6-brukarar har omtrent alt den “jamne” brukar har, minus enkelte “funksjonar” som når det lysar ned frå listepunkta øverst. I tillegg har dei ein liten tekst som dukkar opp øvst på nettsida:
Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.
Eg kunne ikkje late vere.. Og det er faktisk på tide!
Takk til Merete som stilte som IE6-konsulent via si eiga maskin.
Med unntak av det, så har eg fjerna stilskiftaren, og erstatta den med eit lite Easter egg. Klarar du å finne det? Målet er å skru av lyset, og eventuelt skru det på igjen. Your choice!
Liknande artiklar
- Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud - Guidar
- Macbook: The Unboxing - Anbefalingar
- Kvasir sitt nøkkelhol - HumorInternett
- Syyk, syyk mann - Nyheiter
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett
Friday 25. April 2008 klokka 9:37 am
Trodde IE6 bare ble brukt på nedstøvede familiepcer jeg:O
Btw, en fin fiks for transparente bilder er å bruke gifs for IE6, det gjøres på den enkle måte:
.klasse{background: url(bilde.png) !important;
background: url(bilde.gif);
}
Av en magisk grunn, så leser ikke IE6 !important; , men alle andre browsere gjør det. Så derfor kan man tilpasse stilarket sitt til IE6 på denne måten:)
Friday 25. April 2008 klokka 9:52 am
@Mathias: .Ja, men gifs fungerar ikkje i dette tilfellet, sidan dei transparente bileta går over ein bakgrunn som er ulik kvar gong. Dermed blir mine halvveges gjennomsiktige bileter bytta med heilt stort sett kvite bakgrunnar. Det eg kan gjere er å lage ein gif per knapp, det er fullt mogeleg. Men fortsatt litt bal.
Din metode fungerar, og min metode fungerar. Sjølv lagar eg eigne klassar til IE6 med “* html” framfor det som skal gjelde for IE6.
.klasse {background: url(bilde.png);
}
* html .klasse {background: url(bilde.gif);
}
Fungerar utmerka (med unntak av transparente bileter og hovers som ikkje ligg på a-tagar. Merkelege IE6)!
Friday 25. April 2008 klokka 12:16 pm
Jeg hadde også en melding til IE6 brukere om at de burde bytte nettleser. Jeg synes det er irriterende at folk fortsatt bruker det. Det er nok ikke bare gamle nedstøvede familiemaskiner som fortsatt kjører IE6, men haugevis av bedrifter (og de fleste departementer/direktorater).
Friday 25. April 2008 klokka 7:51 pm
Kan jeg spørre, bruker du hele scriptaculous til det ene påskeegget der?
eller er det mer ajax på siden? litt overkill med et helt framework for noe så lite 
Friday 25. April 2008 klokka 8:00 pm
Hehe, neida. Scriptaculous blir brukt av galleriskriptet mitt.
Er det AJAX i det påskeegget i det heile teke da?
Friday 25. April 2008 klokka 11:30 pm
Nei det er ikke det, må sjekke bedre neste gang.
Bare virket sånn (uten å avsløre formye!)
Friday 25. April 2008 klokka 11:45 pm
Neida, egget switchar mellom to stilark (eller Themes), ikkje verre.