Endeleg IE6! Og eit forseinka påskeegg

Ah, endeleg. Tok meg endeleg tid til å fikse sida lik at den fungerar (nokon lunde) i IE6 også. Med den stigande trafikken og det faktum at IE6-brukarar skaut opp til den tredje største massa av nettlesarar som er på sida mi følte eg det var på tide.
Før såg sida forferdeleg ut, ettersom IE6 ikkje støttar gjennomsiktigheit i .png-formatet skikkeleg. Dette er blant anna bileta eg brukar i menyen øvst. I tillegg gjorde noko gammal kode til at hovudbileta over saker alltid var like breie som dei var høge. Synd og skam!
IE6-brukarar har omtrent alt den “jamne” brukar har, minus enkelte “funksjonar” som når det lysar ned frå listepunkta øverst. I tillegg har dei ein liten tekst som dukkar opp øvst på nettsida:
Du brukar ein nettlesar som har vore utdatert sidan 31. januar 2006. Fordi folk som deg brukar nettlesarar som din, så brukte eg 9 timar ekstra på å lage denne sida. Takk. Verkeleg. Ver vennleg å oppgradere til Internet Explorer 7, eller ta i bruk eit ypperleg alternativ som Opera eller Firefox. Det tek deg fem minutt, og sparar meg mange timar. I tillegg gjer det maskina di sikrare mot virusangrep og andre uhumskheiter nerdar kan finne på. Med venleg helsing, tanketom.
Eg kunne ikkje late vere.. Og det er faktisk på tide!
Takk til Merete som stilte som IE6-konsulent via si eiga maskin.
Med unntak av det, så har eg fjerna stilskiftaren, og erstatta den med eit lite Easter egg. Klarar du å finne det? Målet er å skru av lyset, og eventuelt skru det på igjen. Your choice!
Liknande artiklar
- Tanketomme vevlovar: Dei 5 irritasjonsbud - Guidar
- Syyk, syyk mann - Nyheiter
- IOGraph – muserørsletracking - StatistikkTeknologi
- Kvasir sitt nøkkelhol - HumorInternett
- Opera 1: Out-of-the-box - AnbefalingarInternett