CAPS LOCK DAY
Ein gong i året får eg ut all høglydt frustrasjon på nettet. Denne dagen er 22. oktober. Denne dagen er CAPS LOCK DAY!
Caps Lock Day er ein dag i irritasjonens namn, men også hedringa sitt namn. Irritasjonen; for å vise til kor irriterande det er med folk som skriv med store bokstavar alle dei 364 (eller 365) andre dagane i året, men også hedring; for å hylle ein knapp det strengt talt ikkje har vore bruk for sidan WWW gjekk i sparkebukser.
Moralen er: Caps Lock er unødvendig. Nokon har også byrja å skjøne dette. One Laptop Per Child-pc-ane har fjerna den, og faktisk var dette eit av dei einaste krava til OLPC-skaparen Nicholas Negroponte hadde til maskinene sine.
Tilfeldigvis er dagen i dag også; Microsoft sin Antipiracy-dag, dagen 1 år etter eg gav opp den totalt uinteressante “Veketoppen”-spalta mi, 70-årsdagen til eminente Christopher “Doc Brown” Lloyd, og 40-årsdagen til Shaggy (Bombastic).
Dersom du er like teit som meg, og ynskjer å ha alt på bloggen din i store bokstavar for ein dag, så kan du lime inn dette kvar som helst i css-koden din:
*
{
text-transform: uppercase;
}
Andre dagar eg har feira her på bloggen er Day of The Jedi/Towel Day, Day of The Ninja, Blog Action Day, CSS Naked Day og 1. april.
Liknande artiklar
- SPOILERS: Mi meining om slutten på «Inception» - Nyheiter
- Blog Action Day - InternettPolitikk
- TVTropes – It’s a trap! - FilmInternett
- YouTube oppkjøpt av Google - BloggNyheiter
- “Ferie” - Nyheiter