Blog Action Day

Blant alle mine nerdeinteresser, som er det som hovudsakleg kjem til syne på denne sida, har eg også eit sterkt politisk hjarte. Dette hjartet bankar for mange saker, deriblant fridom og rettferd, men eg har også minst eit bein godt planta på den grøne jorda. Miljøet og klimapolitikk er noko eg er aktivt interessert i (men som eg kanskej kunne ha delteke meir i like vel) gjennom organisasjonar som Natur og Ungdom. Det er via denne organisasjonen eg har høyrt om Blog Action Day.
Blog Action Day er heilt kort eit prosjekt som går ut på tankegangen om kva som ville hende dersom alle bloggar skreiv om det same temaet, den same dagen. No kan ein seie kva ein vil om “bloggen” som fenomen og “bloggosfæren”, t.d. har Maddox gjort så godt han kan:
If minds had anuses, blogging would be what your mind would do when it had to take a dump.- Maddox om “blogging”
Nok om ravande gale, men morosame mennesker, over til saka: Blog Action Day handlar i år, den 15. oktober, om å setje verdas søkelys endå sterkare på klimaproblema verda er i ferd med å rote seg sjølve inn i. Dette er ei sak som omfattar mange, og eg er naturleg nok ikkje den einaste som har meldt meg på lista deiras. Sidan 14. august har 4313 (i skrivande stund) bloggar meldt seg på og lovt å skrive om saka om 35 dagar, og det aukar eksplosivt.
On October 15th – Blog Action Day, bloggers around the web will unite to put a single important issue on everyone’s mind.
In its inaugural year, Blog Action Day will be co-ordinating bloggers to tackle the issue of the environment.- Blog Action Day
Den 15. oktober kjem eg til å skrive om eit eller anna som har om klimaet i verda å gjere, og eg oppfordrar alle frå større sider, til alle dei tusenar av blogspot-bloggar rundt omkring som vanlegvis skriv om alt frå katten sin til emogreier om å la den eine dagen vere tilknytta miljøproblema. Katten din “lives to die another day” uansett, verda er om mogeleg litt viktigare.
Og me snakkar ikkje store ting heller. Som Blog Action Day seier sjølv, det treng ikkje å vere noko “verre” enn å skrive om korleis du kan spare straum i din eigen heim! Som ordspråket seier: Alle monnar drar!
Meir informasjon finn du her (NU.no – norsk) eller her (Blog Action Day – engelsk). Om du skulle trenge litt informasjon på området har Blog Action Day oppretta ei eiga ressursside som du kan hente informasjon frå.

Liknande artiklar
- Blog Action Day 2008 - Politikk
- Kan me kjøpe deg? - InternettMedia
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- CAPS LOCK DAY - HumorInternett
- Blog Action Day: Design Can Change - Politikk