Blog Action Day: Design Can Change

Som lova så skal eg skrive om klimasaka i dag. Og frå ein designnerd sitt synspunkt er absolutt organisasjonen Design Can Change aktuell.
Design Can Change (DCC), ein organisasjon av folka i selskapet smashLAB, har sett i gang eit konsept om å legge berekraftig tankegang bak alle designprosessar, for slik å spare naturen og miljøet for produksjon og frakt av til dømes uaddressert reklame. For øvrig har dei også laga den mest aksessible fullstendig-Flash-nettsida eg nokon gong har sett, sjølv om den ikkje fungerar riktig i Opera.. *kremt* Tilbake til saka!
Visste du til dømes at det i USA blir sendt 65 millionar uaddresserte brev (reklame that is) kvart år? Det er 230 brev per person (AIGA)! I Noreg er dette sett til å vere omlag 60 000 tonn papir (Neitakk.no). Papirbransjen er verdas tredje største forbrukar av fossilt brenstoff, så det er heilt klart at ein kan senkeutsleppa av klimagassar ved å senke produksjonen av papir. Undersøkjingar viser at 70 til 80 prosent av det norske folk ikkje er interessert i den uaddresserte posten, så kvifor får me dei fortsatt? Ein av faktorane er nok at Posten får 1,3 milliardar kroner for å gi dei ut (Neitakk.no).
DCC er eit slags løfte som designarar verda over kan skrive under på for å prøve å tenkje berekraftig. Løftet, “The pledge”, går som følgjer:
In my professional practice, I will endeavor to:
Learn: Engage in the topic and seek to understand the issue
Think: Make a sustainable mindset second nature
Act: Put my knowledge to use in my daily work
Inform: Share information and build awareness for sustainability
Unite: Spark change through collective strength
Om du er ein representant for eit designfirma, reis gjerne innom denne sida for å ta løftet mot ein meir berekraftig tankegang. Verda treng oss, og alle må starte ein stad.
Dersom du ikkje er ein designer, men er oppteken av spørsmålet, og vil gjere noko med dette i Noreg, stikk innom neitakk.no, ein organisasjon som vil snu om på praksisen med å måtte reservere seg mot uaddressert reklame, til å måtte reservere seg for å få uaddressert reklame.
For å seie det som Audun Sæther hjå bekkelund.net: ..så kan de som virkelig får spenning ut av å sammenligne matpriser fra reklamene kose seg selv.
Om du er ung, engasjert i miljøsaka og ikkje veit kva NU er, kom deg inn på Natur og Ungdom sine sider! Og meld deg inn i den grønaste (på ein positiv måte) ungdomsorganisasjonen i Noreg.
Liknande artiklar
- Blog Action Day - InternettPolitikk
- God jul! - Blogg
- Paradokset ved reklame - FilmMedia
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- ABC Nyheter - InternettMedia
Monday 15. October 2007 klokka 22:53
Har du sett slikt? Heile 10 minutt før det blei 16. oktober. Ingen skal seie at eg ikkje blogga på riktig dag
Wednesday 30. July 2008 klokka 12:20
[...] Kjem nok frå saka om Design Can Change er skreiv under Blog Action [...]
Friday 12. September 2008 klokka 0:52
[...] tema var miljøet, og i år er temaet [...]