Blog Action Day 2008

Som i fjor, så har eg meldt meg på Blog Action Day.
Fjorårets tema var miljøet, og i år er temaet fattigdom.
Det vil seie at eg, den 15. oktober, skal skrive eit innlegg om fattigdom. Oppfordrar samtidig alle lesarar med eigne bloggar (og for dei utan blogg som likar å skrive) til å gjere det same. I fjor samla B.A.D. (framleis verdas verste akronym) over 20 000 bloggar, og no, ein månad før action har dei snart rekruttert 4 000.
Me vil i så fall ikkje vere i dårleg selskap heller, mange av dei største teknologi/design/politikk-bloggane er også med den 15. oktober.
For ressursmateriale frå B.A.D., sjå her. For idéar til kva ein kan skrive om, les her.
Det er mykje å ta fatt i, det er mykje å ta hand om. Bryn tunga, hjernen og pennen på årets Blog Action Day, den 15. oktober.
Liknande artiklar
- Blog Action Day - InternettPolitikk
- “Alle monner gjer ein stor å,” seier dei. - Nyheiter
- Kan me kjøpe deg? - InternettMedia
- Til alle Googlarar der ute - Nyheiter
- Kreativia.no lansert! - Internett