Blei du lurt i år igjen?

Første april er nok ein gong over oss, og eg vil igjen prøve å samle saman det eg finn av aprilspøkar.
Bergens Tidende er tidleg ute med nyheita om at Lidl-tomtene skal bli brukt til å skape små “Little Deutschland”-områder med bobilar, ølservering og ompamusikk. Smådårleg Photoshoparbeid der. Close, but no cigar.
Aftenposten vil ha deg til å tru at NSB gir deg 500 kroner tilbake når toget ditt blir innstilt. Liv Signe er nok snill, men så snill er ho ikkje, vel..
Bergensavisen legg fram dei storstilte planane om at det lokale byvatnet, som tidlegare i år har vore under lokalmedia sitt oppsyn fordi det rant kloakk ut i det, skal tømmast, og i staden skal bybaneterminalen kome dit.
Gjengangeren melder om sine lokale idéar om Lidl-bygga. I Horten skal nemleg tyske pølser ut, og det nye kulturhuset inn!
Statkraft melder om den nye sensasjonen, Stjernekraft, illustrert med ein satelitt-liknande sak som ser ut til å trekke straum ut av stjernene. På Youtube-linken under “Server Overload”-meldinga finn du ein film med overraskande profesjonell utsjånad (Takk, H).
Sogn Avis tek til orde for miljøet og melder at Lerum skal kutte julebrusproduksjonen, som eg har skrive om før, for å spare klimaet. Resten av lageret blir solgt til halv pris. LØYP OG KJØYP!!
Blizzard er som vanleg ute med noko, og i år, er det nyheita om den nye Bard-klassen i Wrath of the Lich King. Eg elskar class skillsa. Godt stykke arbeid!
Google er ute i år også, med saka om at du kan velje kva avsendartid som skal stå på mailen din. Tida kan, merkeleg nok, skruast tilbake til 1. April 2004… I tillegg har Google Australia også gDay som kan søke framover i tid, med den nye MATE-funksjonen. Hehe, right. gDay, MATE!
The Pirate Bay skal flytte serverane sine til Sinai-ørkenen i Egypt. Jaja, det er slik det må gå med desse europeiske copyright-lovane me har no.
Aviary, ei nettbasert kreativ verktøyspakke, melder om tilskotet Dodo. Dodo er eit vertkøy som kan forandre bileter til den årstida du vil, eller forandre alderen på personar på biletet. Videoen som er med er verdt ein kikk.
Nrkbeta og Gamer.no skriv om det venta Lars Monsen-spelet. Tja, kunne jo ha vore gøy. Blitt som Deer Hunter på evig God-mode.
NRK generelt hadde mange saker i dag. Både om at Helstad går til Vålerenga (ikkje faen), og Perleporten, den nye flyplassen i Bibelbeltet.
Avis2 skriv at NRK sitt budsjett for bakkenettet sprekk, og folk i Utkant-Noreg må betale meir. Dei som trur på det, kan berre takke seg sjølv for å bruke Avis2 som første nyheitskjelde.
Side2 meldar noko som eg håpar er ein aprilspøk… Skal ho representere Frontpartiet, tru?
På Youtube så leiar alle Featured-filmar til ein Rick-Roll. Sucks to be you, don’t it!
I Os har ein lokal moroklump sett opp sin eigen fotoboks og knipsa laus på dei som køyrer forbi.
Diggnation meldar om overgang til FOX News, null øl, og eit meir politisk fokus. Haha, kunne nesten ha vore interessant å sjå dei hate Demokratar og rope høgt om “politikk” (Takk, Mathias).
ThinkGeek har no ein fantastisk dings til salgs. Ein BetaMAX til HD-DVD Converter! For dei som ikkje følgjer med no, så kan eg seie at HD-DVD var den tapande part i formatkrigen i år. For dei som ikkje kan si formatkrighistorie, så kan eg seie at BetaMAX var den tapande part i formatkrigen mot VHS. Så veit du det.
Fædrelandsvennen tek ein klassisk “møt opp og få billege ting”-spøk, då dei annonserar gratisbillettar i anledning at Start har blitt gitt seriegullet i Tippeligaen 2005, grunna Obi Mikel-rot. (Takk, Kjetil)
Nettavisen spelar på den nysgjerrige nabokona i oss alle, og let oss lese andre sin SMS på vår telefon! Det.. kunne jo ha vore interessant? Men, som Lovise skriv, sjekk datoen. Det er feil dag å tru på nye tenester i dag!
Hamar Arbeiderblad skriv om gamle gravplassar under Ham-Kam si heimebane! Surt å miste heimekampar på grunn av arkeologar i midtsirkelen.. (Takk, Atle)
Mobilreklameselskapet InCent meldar om SMS med lukt som ein del av sitt produktutvalg. Det er det mange gode grunnar til å la vere å bruke! (Takk, jostein)
NA24.no slepp nyheita om at Dagbladet er oppkjøpt av Mecom, og at Herr Sjekkhefte, Odd Nelvik, tek plassen som ny redaktør. Ingen store forandringar med andre ord (lurar på om Dagbladet tek vekk linken sin til meg no?).
Vårt Land er herlege med si sak om Giske som ny erkebiskop i Nidaros. Ser det for meg:”Guud å Jesus å råkk’n'råll liksom!”.
Radio Planet melder om Anders Van Dahl sin overgang frå P4 til den mindre stasjonen Radio Planet. Det ser ut til å vere dei gode frynsegodene som fekk han over. (Takk, Olav)
Norske GTA-siden.com bringer fram nyheita om at GTA4 er stansa etter eit søksmål frå byen New York. Synd.. (Takk, Fredrik)
Adresseavisa i Trondheim skriv om dei nye verdsklasse-elbilane som bypolitiet der skal bruke. Desse spesiallaga Think-bilane kan køyre 0-100 på 3.9 sekunder og har ei toppfart på over 200km/t. Kunne ha vore artig med ein slik bil! (Takk, Magnus)
Haugesunds Avis skriv at Haugaland Kraft sine kundar skal dekke tapet etter Terra-skandalen. Noko til straumrekning.. (Takk, Svenn)
Fjord1 har visstnok meldt om påbod på slepetau og redningsvest i alle bilar i dag, sjølv om eg ikkje kan finne saka nokon stad.. Har eg blitt aprilsnarra, kanskje?
Lofotposten skriv at LOFAST skal bli stengt i to veker for å legge nytt toppdekke i juni. (Takk, Johanne)
ITpro blir kjøpt opp av Telenor. Stadig like høge tankar om seg sjølv, har dei ikkje? (Takk, “ITpro-leser”)
Meld gjerne frå om fleire! Meir kjem til etter kvart som dagen går. Ellers kan eg tilby deg The April Fools’ Day Defense Kit frå Slate. Artig artikkel om å vere litt kritisk til det du leser, høyrer og ser på denne spesielle dagen.
Ellers kan du gjerne sjekke ut min artikkel frå fjoråret om same tema.
Eller her
Liknande artiklar
- id vs. class - GuidarRessursar
- Kan me kjøpe deg? - InternettMedia
- Rådlaus i det trådlause? - InternettMedia
- Aprilsnarr!! - HumorMedia
- Dagbladet twitrar - Internett